2. påskedag

Joh 20,11-18

"EG HAR SETT HERREN!"

Tida etter påske er tid for vitnemål. Vi høyrer om Maria Magdalena sitt fantastiske vitnemål:"Eg har sett Herren". Ryktet tok til å gå. Det ryktet som skulle spreie seg frå Jerusalem til alle verdshjørna. Kapittel 20 i Johannesevangeliet fortel om menneske som får sjå underlege ting. Og som fortel om det dei har sett. Og det toppar seg i denne setninga, som fleire snart kunne ta i sin munn: "Eg har sett Herren!" Det skulle kunne vere slik i vår kyrkje også at i tida etter påske, så fortalde vi kvarandre om det vi har erfart som kristne. Kva er det menneske i dag har sett? Lat meg gje nokre glimt frå mine erfaringar:

1. Menneske har sett den levande Jesus

Det var ei kvinne i sin beste alder som eg trefte på ein tur til Israel. Ho og mannen var i same reisefølgje som meg. Ho fortalde at ho ein periode hadde vore heime frå arbeid fordi ho ikkje var heilt frisk. Ho hadde vore ein del deprimert, og i denne tida prøvd å be Gud om hjelp. Ein dag då ho var åleine i huset, kom ho inn i daglegstova, og då stod Jesus brått i stova hennar. Ho visste straks at det var han. Han stod der og såg venleg på henne ei kort tid, før han vart usynleg for augo hennar. Dette var noko som for henne kom til verte ei grunnleggjande positiv oppleving som ho henta kraft frå i åresvis etterpå.

Eg har møtt fleire menneske som har hatt liknande syn. Og då tenkjer eg: Er ikkje dette syn av same art som Maria Magdalena hadde i hagen? Maria var sikker på at det verkeleg var Jesus. Menneske eg har møtt, har også vore sikre på at dei har sett Jesus. Skal vi ikkje i dag kunne ta slike opplevingar på alvor akkurat som vi tek Maria Magdalena på alvor?

2. Menneske har sett Jesus sine gjerningar

Eg henta i dag opp att frå papirkorga mi eit misjonsblad som eg kasta ned i den i går. Eg kom til å tenkje på ei overskrift på framsida: "Helbredet av kreft. I dag misjonær". Beretninga i bladet var knapp og kortfatta: Mannen var oppgjeven av lækjarane pga. ulækjeleg kreft. Han fekk oppleve Guds helbredande inngrep i 1989, og fekk livet attende som gåve. Han bestemte seg for å tene Herren resten av sitt liv. Medisinsk sett kan det sikkert gjevast fleire forklaringar. Men mannen si oppleving var eintyding nok. Like eintyding som då Peter og Johannes lækte ein lam mann i Jerusalem like etter påske. I diskusjonen som då oppstod, sa Peter: "Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde" (Apg 4,10). Mange av oss kan vitne om Jesus sine gjerningar i dag også. Lat oss oppmuntre kvarandre til dette og ikkje drukne alle tilløp med skepsis og alternative forklaringar.

3. Menneske har sett verknadene av Jesus sitt nærvær

Eg tenkjer av og til på ei gudsteneste eg som turist opplevde i ei lita kyrkja i Romania. Kyrkja var stappfull. Det var ein gripande fin song. Det var inderlege bøner. Eg forstod ikkje eit einaste ord. Men likevel skjøna eg det meste og eg opplevde at det var godt å vere der. Eg fekk ei kjensle av at Jesus var nær og at Den Heilage Ande var verksam. Eg har hatt mange slike opplevingar i Den norske kyrkja og. "Det var ei god Ånd her i kveld", sa ein mann til meg etter ei kveldsgudsteneste. Av og til vert vi litt brydde av slike kommentarar og slår dei vekk med prat om vær og vind. I staden skulle vi gå inn i slike opplevingar og sjå at dei er av same art som dei første kristne hadde etter Jesus var oppstaden: "Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod" (Apg 4,31).

Tida etter påske er tid for vitnemål. Det er tid for å sjå, oppleve og tru. Og det er tid for at vi deler erfaringane med kvarandre. Erfaringane av at Jesus lever, at Jesus sine gjerningar vert gjorde og at den oppstadne verkeleg er med oss alle dagar.

Det tok til med Maria Magdalena. Lat oss gå i hennar fotspor!

Geir Sørebø