1. søndag etter påske

Joh 20,19-29

TVIL ER INGEN HINDRING

"Jesus meinte vel at dei er heldige dei blinde, dersom dei også kan tru". Det var ein liten gut i søndagsskulen som sa dette. Eg hadde fortalt søndagskuleklassen om det som hende med læresveinane og Tomas, og korleis Tomas hadde trudd først etter at han hadde sett den oppstadne. Og så hadde eg spurt kva Jesus kunne meine då han sa: "Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur."

I alle høve er dette ein tekst som viser korleis Jesus på ein fin måte kjem tvilaren i møte og stadfestar at tvilaren også kan tru. Kanskje kan vi summere teksten sine tankar opp i tre punkt:

1. Ein kvar kristen kan oppleve tvilen

Eller eg hugsar ein gong heile familien kom i tvil. Vi skulle på sommarferie og vere borte i 4 veker Da vi endeleg hadde komme oss av garde, låst huset og køyrt ein times tid, var det ein av ungane som sa: "Vi gløymde å ta ut katten". Men kona mi meinte ho hadde teke han ut. Eigentleg hadde vi gått gjennom heile huset og kontrollert alt. Det skulle ikkje vere verken dyr eller menneske inne. Men tenk om katten likevel var innelåst? Også kona mi kom tvil. Hugsa ho feil?

Slik tvil har alle opplevd. Låste eg døra? Slo eg av kokeplata? Tok eg ut støpselet? Kor mykje meir naturleg er det ikkje at tvilen melder seg rundt det store spørsmålet: Er Jesus verkeleg levande mellom oss i dag? Det er på ein måte fint å sjå at ein av læresveinane til Jesus også kunne kome i tvil. Dei andre kom glade og fortalde til han at dei hadde sett Jesus. Han greidde ikkje å tru at det var sant. Dei fleste av oss er i slekt med Thomas. Sæle er dei som trur endå dei ikkje ser, sa Jesus. Når han sa det så sa han det vel fordi det ikkje er nokon sjølvsagt ting at vi trur. Ein kvar kan oppleve tvilen.

2. Tvilaren får vere med

Ei kvinne hadde vore på besøk på sjukehuset hos ein mann som var alvorleg sjuk og låg i senga si. Så hadde mannen plutseleg spurt: "Kan du ta Bibelen som ligg i nattbordskuffa og lese litt for meg". Kvinna som ikkje rekna seg som nokon overbevist kristen, vart temmeleg overraska. Men ho hadde gjort så godt ho kunne. Ho hadde bedt Fader Vår også. Etterpå spurde ho meg: "Var det rett at eg gjorde dette, eg som er ein tvilar?" Eg har møtt foreldre som har tenkt i same retning: "Det duer ikkje at eg tek fram Barnas kyrkjebok og bed kveldsbøn saman med jenta mi. For eg tvilar sjølv. Eg tvilar på om Jesus lever i dag" Då er det fint å sjå i Johannesevangeliet at Tomas han fekk vere med dei andre læresveinane sjølv om han tvila. "Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei" (v.26).Det var ei veke etter at Jesus hadde stått opp. Læresveinane hadde samla seg for å be og syngje og feire nattverd kanskje. Og Tomas var med dei andre. Endå han tvila. Slik skulle det vere i kyrkja.Tomas var med. Tvilaren skal få vere med.

3. Tvilaren får tru

Kan eg tru når eg tvilar? Ja, det går godt an. Det er mange som lurer på: Har eg tru nok? Eg tvilar jo. Teksten som vi las i dag, lærer oss at sjølv den største tvilaren kan ha tru nok.Tvilaren har tru nok når han går til Jesus. Når han ser at han treng Jesus. Kva gjorde vi med tvilen då vi reiste på ferie? Vi var samde om å gjere det vi kunne for å kome fram til ei løysing. Elles ville vi ikkje få fred. Vi ringde til eit menneske i bygda som hadde nøkkel og som kunne sjekke dette opp og gje oss melding. Kva gjer eg når eg byrjar å tvile på Jesus, om han har stått opp frå dei døde. Eg gjer akkurat det same. Eg prøver så langt eg kan å kontrollere det. Eg ser etter kva som står i Bibelen. Eg ser etter kven som var vitne og kven det er som har skrive ned det vitna fortalde.

Og då har eg for min del - etter at eg har undersøkt det måtta seie: "Dette trur eg. Eg har tvila, men likevel får eg på nytt tru". Søndagsskuleguten hadde rett: Det er flott når blinde kan tru. Vi er alle blinde når det gjeld dei åndelege ting. Men heldigvis kjem Jesus oss i møte med sine vitne. Men sin Heilage Ande. Alle som vil, skal verte opplyste. "Sæle er dei som trur og endå ikkje ser"

Geir Sørebø.