1. søndag etter påske

Joh 20:19-31

 

I PREIKA

Eg trur at Tomas var skuffa over at Jesus døde, skuffa fordi han tenkte at Jesus skulle bli noko stort………. Mange barn har kjent på det å vere skuffa. Ein blir lei seg, gråter, blir sinna – og ein trur i alle fall ikkje på gode nyhende mitt oppi det heile! Ikkje rart at Tomas nekta før han fekk sjå!

Jesus høyrde Tomas, sjølv om Tomas ikkje kunne sjå han! Neste gang Jesus synte seg for vennene sine snakka han til Tomas alle fyrst. Jesus visste – han veit og høyrer oss i dag også!

Vi kan ikkje kjenne på Jesus slik Tomas fekk gjere det. Men vi kan late som. Saman med Tomas kan me bruke henda vår og finne såra til Jesus. Tomas trudde da han hadde kjent og sett. Vi må tru uten å ha kjent og sett på ordentleg. Midt i teksten snakkar Jesus til oss: "…Sæle dei som ikkje ser og endå trur!" Johannes skreiv evangeliet sitt for slike som oss for å fortelje kva vennene til Jesus såg og høyrde. Når me kjenner på Jesus saman me Tomas kan me også få tru på det som Tomas finn à Jesus. "Min Herre og min Gud!"

 

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 71 Jesus har stått opp! Hurra! Hurra! (nyn) (finnes og på bokmål)

Fungerer godt sjølv for små barn – dei største barna og dei vaksne kan synge versa.

 

LITURGI

Inngangsprosesjon med ljos og blomster til altaret. Kanskje også dåpsmugge og nattverdsutstyr? Eit stort barn eller ein vaksen går med krossen fremst. Har ein påskeljos kan dette og berast inn (av ein vaksen eller konfirmant). Bruk kroppen til å syne glede over at Jesus lever!