IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Påskedag

Joh 20:1-10

I PREIKA

Endeleg kan me la jubelen gå i taket! Jesus lever! Han har stått opp frå døden! Det som var så inderleg trist og tungt på langfredag er nå snudd til glede. Jesus er ikkje død lenger. Han knuste døden, og han skal aldri meir dø. Nå bur han hos Gud. Ein dag skal me møte han der.

Den tome grava skapte tru og undring. Læresveinane sprang ut til grava, men gjekk heim. At grava var tom fordi Jesus var stått opp tok det litt lengre tid før dei forsto. Dersom det ikkje er gudsteneste i same kyrkja 2. påskedag kan ein gjerne ta med dei neste versa om Maria som møter Jesus. Til å byrje med skjønar ho ikkje kven ho snakkar med. Dei andre hadde fått sjå den tome grava, Maria var den fyrste til å kome med bodskapen: "Eg har sett Herren!"

TO SALMAR

Norsk salmebok nr. 193: Det var i soloppgangen

Barnesalmeboka nr. 71: Jesus har stått opp! Hurra, hurra! (finnes også på bokmål.)

LITURGI

Påskeljos og dekking av altar: Start gudstenesta ved å kome inn med eit tend ljos (påskeljoset). Rop ut: han er oppstaden! Dersom ein har påskehage kan prosesjonen gå dit. Trill steinen frå grava, sett gjerne ein engel i opninga. I prosesjonen kan ein ha med barn og vaksne som har med seg ljos, blomster, nattverdutstyr, duk m.m som skal på altaret. Be organisten om å spele eit langt forspel til salma medan altaret vert dekt. Hald så fram med ei jublande påskesalme.

GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J