2. søndag etter påske
Joh 21,15-19

SPØRSMÅLET OG SPØRSMÅLA

Kva skjer dersom eg ikkje kan svare? Det var ein konfirmant som undra seg over dette då vi førebudde ei samtalegudsteneste. Eg har ofte på samtalegudstenesta på ein eller annan måte gjeve konfirmantane utfordringar i form av spørsmål som dei skal svare på på strak arm. Og då måtte dette avklarast: Kva hender dersom eg ikkje finn noko svar? Å vere kristen er også å verte konfrontert med spørsmål. Minst på tre måtar:

1. Dei mange spørsmåla frå kyrkja
I bokhylla mi står ei kjend bok med tittelen: "Sannhet til gudfryktighet". Erik Pontoppidan si forklaring. Ho har undertittelen: "Rettledning om alt det en trenger å vite og gjøre for å bli salig". Boka er bygd opp av 759 spørsmål og svar. Som mange kjenner til, var denne boka i generasjonar nytta til konfirmantlærebok. Eg undrast: Måtte ikkje konfirmantane sitje att med eit inntrykk av at dersom du skulle "bli salig", så måtte ein kunne svare på ei rekke intrikate spørsmål. Eg har møtt kristne som seier: "Eg har sagt opp den kristne dagsavisa, for eg orkar ikkje lenger all diskusjon mellom kristne om alle slags ulike kyrkjelege og bibelske spørsmål". Det er belastande stadig vekk å verte bombardert med spørsmålsstillingar som ein sjølv ikkje kan gje svar på og som medkristne seier er livsviktige.

Peter var komen fram til den siste avgjerande samtalen med Jesus. Til tidspunktet der dei livsviktige spørsmåla skulle stillast. Måltidet på stranda var avslutta, det nærmar seg det endelege avskilet. Peter vert teken til sides. Munnleg eksamen? Med 759 spørsmål i dogmatikk? Nei, det gjekk ikkje slik. Det er skilnad på Jesus og Pontoppidan og diskusjonslystne kyrkjefolk i dag.

2. Dei mange spørsmåla frå mitt samvit
Eg kom ein gong til ein mann som var redd for at han ikkje kunne verte frelst fordi at han ikkje kunne tilgje eit anna menneske. Då han fortalde meg heile historia som han hadde bore for seg sjølv i mange år, så forstod eg at han opplevde det som svært vanskeleg å kunne tilgje. Og så låg spørsmålet der og gnog i samvitet hans: "Korleis kan eg få Guds tilgjeving når eg ikkje maktar å tilgje eit medmenneske". Etter kvart som han fortalde under tårer kjende eg korleis mitt samvit også tok til å stille spørsmål. Har ikkje ditt liv også prest så mange svake punkt at du ikkje kan rekne med å få Guds tilgjeving?

Jesus kunne spurt Peter: Korleis trur du at du som fornekta meg tre gonger og banna på at du ikkje kjende meg, vere min læresvein? Jesus spurde ikkje slik. Det er skilnad på korleis Jesus spør og samvitet vårt sine nådelause spørsmål.

3. Det eine spørsmålet frå Jesus
"Held du av meg?". Tenk Jesus stiller berre dette eine spørsmålet. Så annleis enn kyrkja og organisasjonane si uendelege rekke med spørsmål. Så annleis enn samvitet mitt sine plagsomme spørsmål.

Eg minnest ein dag i Oslo. Det var på trappa mot Karl Johan nede ved Domkyrkja. Der sat ein uteliggjar. Han var ikkje heilt edru. Han song: "Hvilken venn vi har i Jesus". Eg opplevde at songen hans var eit svar: "Herre, du veit alt. Du veit at eg held av deg".

Eg er glad for når samvitet mitt stiller umogelege spørsmål - og når mine medkristne i alle leirar utfordrar til klare svar på dogmatiske, etiske og kyrkjerettslege spørsmål - då er eg glad for at Jesus berre stiller dette spørsmålet: "Held du av meg?".

Konfirmanten spurde: Kva skjer dersom eg ikkje kan svare? Du skal ikkje ta det så tungt om du ikkje kan svare på alle slags kyrkjelege spørsmålsstillingar. Du må innsjå at du ofte vert samvitet ditt svar skuldig. Men det er alvorleg dersom du ikkje kan gje svar på Jesus sitt eine spørsmål. Han som var og er så imøtekommande at han stiller det om att og om att.

Geir Sørebø