IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag etter Påske

Joh 21:15-19

I PREIKA

Denne søndagen held me fram med forteljinga om den tredje gongen Jesus synte seg for læresveinane. Han har gjeve mat til svoltne kroppar som har vore ute og fiska heile natta. Nå tek han Peter til sides. Det er tid for alvorsprat. "Simon Johannesson elskar du meg?"

Denne søndagen er det fint å fortelje om Peter, og bli kjent med han. Bibelen teiknar eit menneskeleg bilde av han, med både dei gode og dårlege sidene godt synleg. Kva kan me lære av Peter? Kvifor vart han den klippa som Jesus ville byggje kyrkja si på?

Men kanskje like viktig er det å kjenne på spørsmålet som Jesus stiller. Peter, elskar du meg? Korleis var det å vere Peter, og vite at sist nokon spurte han om han kjente Jesus så blånekta han både ein og to og tre gongar. Nå må han stå der og svare Jesus like mange gongar: "Ja, Herre du veit at eg held av deg." Det er nesten så me høyrer fortvilinga den siste gongen, kor mange gongar må han svare før Jesus er fornøgd?

Kva svarar me Jesus? For spørsmålet til Peter det går til oss i dag. Elskar me Jesus? Tørr me å seie det høgt? Eller er ordet så oppbrukt at me slenger det rundt oss utan alt for mykje meining?

Sist vår var eg på besøk i ei afroamerikansk kyrkje i New York, og på ekte amerikansk vis vart eg og dei andre gjestene høgtidleg ønska velkommen. Eg beit meg merke i orda: "Velkommen til oss! Her elskar me Jesus!" Kan me seie det same i kyrkjelydane våre?

EI SALME

Norsk salmebok nr. 418: Med Jesus vil eg fara

LITURGI

Nådehelsing: Prøv å formidle denne slik at kyrkjelyden sitt att med ei kjensle av at dei vert møtte av Guds omsorg og kjærleik. Me skal få elske tilbake fordi Gud elska oss fyrst. Dersom du har nokre til å hjelpe deg kan du godt bruke "kviskreleiken" og føre orda frå bakarst i kyrkja og fram til koret. Lat to medhjelparar starte bakarst med heile eller deler av nådehelsinga. Lat så folka i kyrkjelyden sende orda til kvarandre og framover i kyrkjerommet. Når helsinga når fram til presten seier ho/han den høgt til kyrkjelyden. (Sjå gjerne i boka Gudstjenesteleken av Ingunn Hagen, der eg har henta ideen)

FRAMLEIS GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J