IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

1. søndag etter Påske

Joh 21:1-4

I PREIKA

Denne søndagen kan du ta med heile kyrkjelyden på fisketur!! Lag eit spontant rollespel.

Fortel kvar ein er, kva som har skjedd i det siste: Jesus døydde – og sto opp at!! Rimeleg store og rystende hendingar med andre ord. Når det er så mange viktige ting som skjer rundt ein kan det vere godt å finne tilbake til noko trygt og kjent. Noko ein kan godt. Fortel at dei fleste læresveinane til Jesus var fiskarar.

Start med å seie noko slikt som: "I dag skal me få bli med på fisketur med Peter og nokre av dei andre. Det er natt og mørkt over sjøen….."

Velg så ut nokre til å vere med i båten. Ein av dei må vere Peter. Dei som skal vere med og ro sett seg i båten (her må ein late som at både båt, årer og sjø er der…) – lyfter årene og ror båten utpå Genesaretsjøen. Etter ei stund kan forteljar seie at dei har kome fram til ein god fiskeplass og kan byrje å fiske.

Men det vert ikkje fisk – sjølv om dei held på heile natta. Når sola stig har det ennå ikkje komi ein einaste fisk i båten. Brått er det nokon som roper til dei frå stranda: "De har vel ikkje noko fisk born??" (her kan ein ta sjansen på at det er nokon som kan forteljinga godt nok, og som spontant kjem fram og tek på seg rolla som Jesus. Eller ein kan avtale med tekstlesar på førehand at han/ho spelar Jesus, og brukar orda han seier i teksten.) Alle i båten må riste på hovudet, samstundes som dei byrjar å spørje kvarandre kven det kan vere som ropar til dei. "Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk", held Jesus fram. Og dei i båten gjer som han seier – og får nota full. Dei strevar seg til land, med nota hengande utanfor båten. Den er så full av fisk at dei ikkje klarar å dra han opp…… Når dei nærmar seg land hoppar Peter ut av båten og gjeng i møte med mannen på stranda. Etter kvart kjem dei andre til land også. Saman dreg dei opp fisken. Dei gjev Jesus noko av fisken, han har gjort i stand eit bål på stranda. Og Jesus gjev dei mat, fisk og brød. Dei tørr ikkje spørje han om kven han er, samstundes som dei veit at det må vere Jesus. Dette var tredje gong dei møtte han etter oppstoda.

EI SALME

Norsk salmebok nr. 192: De trodde at Jesus var borte

 

LITURGI

Takkebøn: Utfordre barne eller ungdomslag til å lage takkebøn. Kva kan me takke Gud for?? Start med at Jesus sto opp frå dei døde, - og at han lever og er nær oss også i dag. Ta gjerne med det kvardagslege og ting frå nærmiljøet. Skriv det ein vil takke for på store lappar. Hald lappane oppe medan ein ber ei stutt bøn, legg dei så ned i altarringen, på altaret eller på gulvet framføre altarringen. Kor mange takkelappar klarar de å legge ned??

Dersom ein ikkje har nokon å utfordre på førehand kan ein gjere dette i gudstenesta ved at to eller tre set seg saman og skriv korte takkebøner, det viktigaste ordet eller orda kan ein skrive på ein stor lapp, som ein så brukar under bøna. Presten (og andre) kan med fordel ha førebudd nokre takkelappar og -bøner på førehand.

FRAMLEIS GOD PÅSKE!

Anne Berit Sunde J