Treeiningssøndag

Joh 3,1-15

ER HIMMELENS DØR LÅST?

I kjellaren i prestegarden i Lavik er det laga ein rom i betong med ei 20 cm tjukk jerndør framfor. Det er ein svær låsmekanisme på døra. Då det kom ny prest i 1978, hadde døra inn til det hemmelege rommet ikkje vore opna sidan før krigen. For ingen visste om nøkkelen, og ingen hadde greidd å dirke opp låsen. Mange hadde prøvd, men fåfengt. Og alle lurte på om det låg ein skatt innafor døra. Den nye presten bestemte seg for å bruke makt. Med ein stor vinkelslipar gjekk han til verks. Då vart det ein del vibrasjonar i døra, og plutseleg svinga døra opp av seg sjølv. Døra hadde aldri vore låst. Ingen hadde kome på den enkle tanken. Døra var tung, men ingen hadde prøvd å dra i henne. Hadde ein visst at døra var open, kunne kven som helst opna henne.

Slik er det med himmelens dør. Nikodemus trur det er komplisert å opne himmelens dør. Han grublar på korleis han få det til. Jesus fortel han at det er annleis. Døra står eigentleg open. Menneske skal ikkje trenge å bruke makt for å få henne opp. Det er tre ting som trengs og som ikkje heng saman med vår maktbruk:

1. Ein ny fødsel

Ein kjenning av meg fekk ein vinter lungebetennelse. Han var sjuk i lengre tid, men til sist slepte sjukdommen taket og han fekk attende si arbeidskraft. Då han var frisk att, sa han: "Å, det var vedunderleg å kjenne korleis kroppen vart fornya då han friskna til. Det var som å verte fødd på nytt". Mange av oss har opplevd noko liknande.

"Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt", sa Jesus (v.3). Det må skje ei gjennomgripande endring med det naturlege menneske før det kan gå inn gjennom himmelens dør. Vi vert alle fødde som born, men ikkje som Guds born. I kyrkja sin dåpsliturgi heiter det tvert om at vi er fødde med menneskeslekta si synd og skuld. Og den som er fylt med synd og skuld kan ikkje gå inn himmelens dør. Ein ny fødsel må til der synd og skuld vert overvunne like gjennomgripande som lungebetennelsen.

2. Fødsel ved vatn og Ande

For nokre år sidan fekk eg ein grusom halsbetennelse. Eg greidde verken å snakke eller ete. Men det var fint å sjå kor effektiv den medisinen var som eg fekk. Etter eit par dagar hadde antibiotikaen fjerna plagene. Bakteriane som eg sjølv var hjelpelaus mot, var knekte.

Medisinen mot synd og skuld heiter vatn og Ande. Utan vatn og Ande er vi hjelpelause mot synd og skuld. Jesus sa: "Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike" (v.5). Vatn er i denne samanhengen sjølvsagt det synlege vatnet i dåpen. Og Ande er sjølvsagt Guds heilage Ande som usynleg gjer si gjerning med menneske under dåpen. Vi kunne ikkje gjere så mykje frå eller til den dagen vi vart fødde inn i denne verda av vår mor. Vi kan ikkje gjere så mykje frå eller til den dagen vi vert fødde inn i Guds rike av vår himmelske far. Det er ei kraft som verkar som ikkje finst i meg sjølv, akkurat som den antibiotika eg måtte få tilført mot aggressive bakteriar.

3. Liv ved tru

Ei gammal historie fortel om bonden som ville venje hesten sin av med å ete. Han meinte sjølv at han nesten hadde greidd det. Men då var han så uheldig at hesten hans døydde. Alle normalt utrusta menneske forstår at det er ein samanheng mellom sunt liv og næringsinntak. Barn som er fødde, må straks få mat om det nye livet skal kunne utvikle seg. Slik er det også med det nye livet som vert fødd i dåpen. Men mange menneske vil som bonden venje dei nyfødde av med å ta til seg åndeleg føde. Resultatet er til sist åndeleg død. Ordet om Jesus. Bøn til Jesus. Song om Jesus. Alt er næring for Guds born. Jesus vart gjort tilgjengeleg for heile verda. Han vart lyft opp, så kvar den som trur på han skal ha evig liv (v.15).

Mange skal ein dag oppleve at himmelens dør ikkje kan opnast. Sjølv med all menneskeleg kraft, visdom og medmenneskelegdom er det umogeleg å opne. Dette skulle vore heilt unødvendig. For

himmelens dør er ikkje lenger låst. Gud har tilbode oss passasje gjennom ein ny fødsel. Ein fødsel ved vatn og Ande. Og deretter eit nytt liv inn i æva gjennom tru på den krossfeste Jesus Kristus.

Geir Sørebø