2. pinsedag

Joh 3,16-21

"I ALL SIN GLANS NU STÅLER SOLEN ..."

Denne fantastisk flotte salmen på nr.222 i Norsk Salmebok burde syngjast over alt i pinsa. Det burde syngjast om sola som skaper nytt liv i naturen, og om pinsa som skaper nytt åndsliv i kyrkjelydane. Kvifor er det slik at pinsetida er ei åndeleg vokstertid. Jau, ut frå teksten for 2. pinsedag kan vi gje tre grunnar til det:

1. Pinse er tid for Jesus

For nokre år vart det oppstyr i avisene om ei samtalegudsteneste med konfirmantar fordi ein konfirmant hadde besvimt under samtalen. Ein journalist ringde meg og påstod at konfirmantane hadde fått spørsmål som var umogelege å svare på. Kan du ta eit eksempel på eit slikt spørsmål, sa eg. "Jau", sa journalisten: "Det var t.d. dette spørsmålet: Kven er Den Heilage Ande? Går det an å svare på noko slikt?" Konfirmantlæreboka hadde eit klart svar: Den Heilage Ande er Gud sjølv til stades som vår hjelpar. Sjølv har eg gjerne sagt det på denne måten: Den Heilage Ande er Jesus usynleg til stades hos alle menneske. Difor høver den vesle Bibelen eigentleg godt på 2. pinsedag: "For så elska Gud verda, at han gav son sin den einborne ... Gud sende ikkje son sin til verda, for at han skulle døme verda, men for at verda skulle verte frelst ved han". I pinsa vart Jesus sendt usynleg til alle slekter på jorda. Når Peter står fram og held sin pinsetale, så talar han først og fremst om Jesus. Pinsetid er Jesustid. Jesus gjeven til alle menneske.

2. Pinse er tid for tru

Eg kjenner ein mann som langt frå rekna seg som ein kristen. Han levde eit temmeleg vilt liv. Han reiste til sjøs. Av ulike grunnar byrja han i ledige stunder på båten å lese i Bibelen. Ein dag ute på det store havet vart brått alt forandra. Han vart overtydd om at det han las var sant. Frå den dagen var livet hans forandra, og han vart eit ivrig vitne for Jesus. Kva var det som hadde hendt? Ja, mannen var ikkje i tvil sjølv. Det var Den Heilage Ande som hadde kome og skapt brennande tru hjå han. Tru og nytt liv. Eit nytt godt liv. Kva gjorde Den Heilage Ande første pinsedag. 3000 menneske vende denne dagen om til Gud og let seg døype. Og pinseforteljinga munnar ut i denne setningen: Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag. Anden skaper tru. Pinsetid er tid for tru.

Gud sende Son sin for at menneske skulle kome til tru og ikkje gå fortapt (v.17f). Tru får vi når Jesus møter oss gjennom Den Heilage Ande. Den Heilage Ande og tru er som tvillingar. Stefanus og Barnabas var menn fulle av tru og Heilag Ande (Apg 6,5; 11,24). Pinsetid er tid for den tru som gjer at menneske ikkje går fortapte.

3. Pinse er tid for eit liv i ljoset

Seks gonger er ordet ljos nemnd i den bibelteksten for 2. pinsedag. Det vert sagt at vi menneske stadig må velge mellom ljos og mørke. Mellom det gode og det vonde.

Når eg rundt pinsetider reiser rundt i bygdene i Ytre Sogn, så ser eg tydeleg korleis solljoset verkar inn på naturen. I dei liene og bakkane der det enno er skugge mest heile døgnet, er voksteren kort komen. Kanskje ligg det enno snøfenner under hamrane. Men der sola står på mest heile dagen, er våren komen mykje lenger. Livet og voksteren er knytt til ljoset.

Ljoset frå Jesus møter oss i vår tid gjennom Bibelen, gjennom forkynninga, gjennom bøna, gjennom dåpen, gjennom nattverden, gjennom fellesskapet med andre kristne. Også her er det slik at livet og voksteren er knytt til ljoset. Ljoset frå Bibelen gjer sin verknad på oss akkurat som solljoset på bjørka. Kristentrua er ikkje ein teori, men eit liv som utfaldar seg og veks når det får ljos og næring.

I all sin glans nu stråler solen/livslyset over nådestolen
nu er det pinseliljetid/nu har vi sommer lys og blid,
nu spår oss mer enn englerøst/i Jesu navn en gyllen høst.

Geir Sørebø