IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. Pinsedag

Joh 3:16-21

I PREIKA

I dag vil eg ta med meg eit stort hjarte. Og så vil eg snakke om kor mykje Gud elskar oss.

Eg vil fortelje om Guds store plan, om korleis han jobba mellom oss menneska for å rette opp at det som gjekk så gæli i Edens Hage. Eg vil snakke om jul og påske. Om barnet som vart fødd, og om mannen som døydde og sto opp igjen. Han som skal lyse for oss så me finn vegen til Gud.

Sammen med det store hjarte vil eg ha mange små (kanskje festa på eller gøymt inni). På desse skal den vesle Bibelen (Joh 3:16) stå skreve. På slutten av preika vil eg dele ut småhjarta til alle i kyrkja. Pinse var da kyrkja vart til og kyrkjas oppgåve er å spreie vidare bodskapen til alle, om at Gud elskar oss så høgt at han gav alt!

EI SALME

Norsk Salmebok Nr 229

Ånden er kommet til oss

 

LITURGI

Syndsvedkjenninga

ved inngangen kan alle få ein liten stein i handa. Etter nådehelsinga kan ein be folk om å ta turen kring altaret, (eller ved ein kross ein annan stad i kyrkjerommet) - og leggje frå seg steinen der, hos Jesus.

Mange synast at det er tungt å byrje gudstenesta med å fokusere på kor syndige me er. Men dette er ein plass kor me kan sette frå oss – og be om tilgjeving for smått og stort. Slik at me kan gå ut i gudstenesta med rak rygg. Også for barn kan det vere godt å legge frå seg det som gjekk på tverke. Jesus tilgjev når me ber han om det – det er syndsvedkjenninga si signing.

Anne Berit J