IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Treeiningssøndag

Joh 3:1-15

I PREIKA

Eg har alltid synast at Nikodemus var ein flott fyr – sjølv om det er lite eg veit om han! Men likevel flott – fordi han tok mot til seg (rett nok ein sein nattetime da me kanskje er desperate nok til å bli modige nokon og ein kvar…) – og gjekk til ein mann som han trudde kunne svare. Flott mann fordi han, sjølv om det var i mørke og skjul, sa at han trudde at Jesus var den han sa han var, Guds Son! Fint at barna kan få møte Nikodemus –> og høyre at Jesus tek imot oss også dei gangane me kjem i det skjulte for å samtale.

På Skjærgårdsgospel brukar dei å ha ei Nikodemuskro, det er ein stille og skjerma plass, der ein kan få sette seg ned – og gjere som Nikodemus: spørje om viktige ting som ein grubla på! Så kunne ein få samtale. Sjelesorg.

Eg synast at Nikodemus spørsmål til Jesus er heilt naturleg: Korleis kan ein som er gamal bli fødd på nytt???? Det høyrast jo heilt vilt ut! Går det an at ein kan komme seg inn att i magen til mora si andre gongen?? Og korleis i all verda skal ho kunne gå rundt og bære på meg?? (Kan me klare å sjå det for oss – i ein komistrek?)

Men så var det ikkje det Jesus meinte. Han snakka om dåpen. Om kva som skjer når ein får ausa tre handfullar med vatn over hovudet, i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Om at Gud i dåpen gjev oss Anden som skal hjelpe oss til å tru etter kvart som me veks til. å vekse i trua gjer me heile livet. Det er kanskje ikkje så lett å finne att nokre spor etter dåpen – for mange av oss er det vanskeleg å hugse også! Men Gud ser på oss at me er døypte: me fekk eit merke på oss. Krossmerket. I dag så kan me følgje spora og teikne opp at krossen: tilhøyrer Jesus!

EI SALME

Salmer 1997 Nr 53

Eg er trygg hos deg (også på bokmål)

 

LITURGI

"Dåpspåminning"

Etter preika, (evnt etter dåpen (eller på dåpsplass)) kan barn og vaksne få komme fram til døypefonten og bli teikna med krossmerket i panna. Ein bør seie noko fyrst om kvifor. (Der det ikkje er dåp kan ein lese ein av dåpstekstane). Presten dyppar fingeren i vatnet og teikner kross på panna til kvar einskilt, dei store barna og dei vaksne kan gjere det på seg sjølve. På førehand må ein ha tenkt igjennom kva ein seier i forhold til dei som ikkje er døypt!

Anne Berit J