4. søndag i advent

Joh 3,26-30

BAKGRUNN OG FORGRUNNSFIGUR I JULA

Då eg som ung første gong kom i inn i ein teatersal, Den Nasjonale Scene i Bergen, vart gripen av dei flotte kulissane. Hav og fjell og hus var så naturlege at scenen var som eit vindauga inn i ei anna verd. Men det var likevel ikkje kulissane som skapte handling med dramatikk og liv. Det var personane på scenen. Og spesielt hovudpersonen i stykket. Teksten for denne søndagen får oss til å tenkje over kven som er hovudpersonen i jula sitt store drama. På den eine sida er dette ein enkel og elementær problemstilling, på hi sida viser praksis at mangt og mykje som skulle vore kulissar, statistar eller biroller ofte skjuler sjølve hovudpersonen. Kva er det som ofte skjuler for hovudpersonen?

1. Min person

Eg hugsar det var bispevisitas her for nokre år sidan. Biskopen hadde med den flotte bispekåpa si. Og etterpå var det ein mann i kyrkjelyden som sa: "Det var eit flott syn då biskopen steig opp på stolen i bispekåpa. Der stod den store høgreiste mannen med grått skjegg ikledd all sin stas. Eg tykte mest det var som Vår Herre sjølv". Eg opplevde at mannen var langt meir oppteken av biskopen enn av Vår Herre. Dei fleste av oss kan ikkje stige fram med biskopens pondus og skrud. Men likevel kan vi i mangt vi gjer i kyrkjelyden setje fokus på vår eigen person på ein slik måte at hovudpersonen kjem i bakgrunnen. Når vi les denne søndagens tekst, ser vi korleis Johannes døyparen bevisst set sin person til side for at alle skal kunne ha augo feste på hovudpersonen på scenen. "Han skal veksa, eg skal minka"

2 Mi sak

For nokre år sidan møtte eg ein mann i ein kyrkjelyd som arbeidde for ei spesiell sak som han verkeleg brann for. Det dreidde seg om å få laga ein kopi av ei gammal handmåla treplate som hadde lege på altaret i ei kyrkje. I mange år jobba han med den saka. Han samla inn pengar og tok kontakt med ekspertar og konsulentar. Til sist lukkast han i å få andre med på laget og til sist vart produktet ferdig. Det er utruleg kva nokre kan få til når dei brenn for ei sak. Det finst mange saker i kyrkja. Mange viktige saker. Dåpsopplæring. Konfirmantarbeid. Diakoniplan. Økonomiarbeid. Nokre av oss har våre spesielle saker. Døyparen Johannes hadde si store sak. Å rope menneske fram til omvendingsdåp. Han satsa og gav alt i dette arbeidet. Det var hans prosjekt. Og så får han meldinga: "Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan ... no døyper han".

Det er ikkje lett å sjå at noko kan vere viktigare enn mi sak. Ikkje ein gong Jesus. Johannes går eksemplarisk til side. Hans sak var viktig, men høyrde likevel heime i kulissane. Kulissane som skal gje oss eit sterkare møte med hovudpersonen.

3. Min suksess

Ved kvart årsskifte vert det arbeidd ut statistikk for kvar kyrkjelyd. Tala vert samanlikna med tidlegare år. Avisene er ofte opptekne av desse tala. Eitt år var det ein journalist som ringde meg og påpeika at det hadde vore nedgang i kyrkjebesøket hos meg, medan det hadde vore ein stor auke hjå nabopresten. Kvifor har det vore slik? spurde journalisten. Kva har kollegaen din fått betre til enn du? Eg merka det var eit ubehageleg spørsmål. For eg vil jo så gjerne ha suksess. Ofte vert eg meir oppteken av det enn at Jesus skal stå i framgrunnen. "Alle går til han", sa dei til Johannes. Og Johannes gleda seg over at det var tomt på hans arena. Han gleda seg over at folk strøymde vekk frå han og over til Jesus.

Jula har mange flotte kulissar. Fine tradisjonar og gode skikkar. Men ofte kjem hovudpersonen aldri fram på scenen. Og når så førestillinga er over, så sit ein att med ei beklemmande kjensle av at ein har betalt ein dyr billett for eit syltynt nummer. Kva er det ofte som øydelegg? Er det ikkje djupast sett at eg set meg sjølv i sentrum - min person - mi sak - min suksess. Johannes døyparen står i teksten fram som det store førebiletet. Han er den som set sin person, si sak og sin suksess til side og viser den sanne juleglede. Gleda over Messias, Hans sak og Hans framgang.

Geir Sørebø