IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

4. søndag i Advent

Joh 3:26-30

I PREIKA

Denne søndagen skal me få bli litt betre kjent med Johannes døyparen, ein slektning av Jesus berre nokre månader eldre som fekk ei særs viktig oppgåve. Han skulle gjere folket klare til å møte Jesus. Han skulle rydde vegen. På ein måte hadde han litt av same oppgåva som me når me gjer bygda klar for besøk av kongen. Men Johannes skulle gjere folket klare på innsida, ikkje utsida!

Johannes døyparen levde livet sitt i øydemarka, han åt grashopper (!) og honning, bar ei kappe av kamelhår. Han budde åleine i øydemarka, men mange menneske kom ut til han, og ville høyre på det han sa: "Vend om for himmelriket er nær". (Matt 3:2) Dei som kom ut til han og som ville gjere seg klare for å ta imot himmelriket og vende om snu seg vart døypte. Johannes døyparen hadde også sine eigne læresveinar.

Da Johannes døyparen møtte Jesus sa han: "Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd! Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg" (Joh 2:29-30). Jesus vart døypt av Johannes.

Og nå var tida komen for å snu ting opp ned, nå skulle Jesus vekse og Johannes døyparen minke. Oppgåva hadde vore å førebu og rope ut at nå kjem Gud oss nær! Gjennom Jesus kom Gud til oss på jorda og Johannes døyparen overlot scenen til han som skulle døype med vatn og ande. Himmelriket er nære!

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 1: Folkefrelsar til oss kom

LITURGI

Forbøn: Skriv eiga forbøn, la nokre barn vere med og lese eller tenne ljos. Be for alle barn som gruer seg til jul, be for alle barn som ikkje veit at det er jul, be for alle familier som ikkje kan kjøpe julemat og delta i gleda, .

Guds signing!

Anne Berit Sunde J