IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3. søndag etter Kristi openberringsdag

Joh 4:27-42

I PREIKA

Møte med Jesus gjer noko med oss! Når Jesus kjem inn i livet vårt får vi lyst til å seie det vidare til andre. Kvinna i teksten hadde møtt ein mann som fortalte ho sanninga om livet. Han visste kven ho var likevel ville han gje ho levande vatn og evig liv. Dei hadde lenge snakka forbi kvarandre (førre søndag høyrde me samtala v. 5-26). Men endeleg hadde ho skjøna kven det var som satt der ved brønnen, det var han som skulle komme. Messias. "Det er eg," sa Jesus, "eg som talar med deg."

"Då let kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen.." Plutseleg var ikkje kvardagens arbeid og sut noko viktig lenger. Kvinna hadde gått ut til brunnen for å hente seg vatn, men krukka vart ståande da ho sprang inn og ropte til folk: "Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?"

Kva med oss?

Let me ting stå fordi det å fortelje andre om Jesus er viktigare enn alle kvardagsgjeremål??

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 152: Jeg vil være med og si det høyt til alle

LITURGI

Drama under tekstlesing: Bruk enten preiketeksten slik som han er for denne søndagen eller ta også med teksten frå førre søndag (da kan det hende at ein må komprimere noko for det er ein lang tekst). Fordel oppgåver, helst på førehand og bruk litt tid på å øve for gudstenesta startar.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J