3. søndag etter Kristi openberringsdag

Joh 4,46-54

FRÅ SPIRANDE TRU TIL MOGEN TRU

Har eg tru nok? Det var temaet på ein bibeltime Ole Hallesby hadde i ei kyrkja borte i Sogn for mange år sidan. Eg trefte ein gong ein mann som hadde vore på den bibeltimen. Han hugsa ein del av det som hadde vorte sagt enno i dag. For emnet var så brennande aktuelt for han. Har eg tru nok? Kva seier teksten vår til dette spørsmålet?

1. Spirande tru.

"Trur du det ville hjelpe dersom eg vart kristen?" Eg ser enno for meg situasjonen spørsmålet kom i. Ein litt deprimert middelaldrande mann som var einsam og som gjerne skulle hatt ein kjæraste, men han hadde ikkje funne nokon som ville dele livet med han. Han hadde hatt sine feilsteg. Og det visste han godt sjølv. Han forstod at han helst burde ha lagt om stilen og i alle høve slutta med alkoholmisbruk dersom ei kvinne skulle dele livet med han. "Trur du at det ville hjelpe dersom eg vart ein kristen?" Eg kjenner meg alltid litt mistilpass når eg får eit slikt spørsmål. For eg er redd for at ein vil bruke kristentrua til å oppnå eit gode for seg sjølv. Men ligg det ikkje under ei spirande tru? Slik som i Kana då det kom ein kongeleg embetsmann som hadde høyrt ryktet om Jesus. Han hadde kanskje høyrt om den mannen som hadde gjort vatn til vin og som visst nok skulle ha gjort sjuke friske. Kvifor ikkje satse på han?

2. Veksande tru

Det var ei dame som vart valt inn i soknerådet. Ho hadde eit tilhøve til kyrkja lik ein gjennomsnittsnordmann. Ho var døypt, ho hadde sjølv døypt sine born, ho gjekk ein gong i mellom til kyrkja, til jul og påske og av og til elles. Så vart ho valt inn i soknerådet. Ho tok den oppgåva alvorleg. Ho såg det som eit kall frå Gud til å engasjere seg meir i kyrkjelyden. Og sidan ho viste slik interesse, vart ho etter kvart valt til leiar i soknerådet. Og då møtte ho til soknerådsmøta med ein gammal andaktsbok som ho hadde funne heime. Ho opna alltid soknerådsmøta med ein skikkeleg andakt. Ho var alltid i kyrkja, og ho kom fast til nattverdsbordet. Det hadde ho ikkje gjort før. Det var flott å sjå korleis ho hadde ei veksande tru. På sin måte hadde ho teke Jesus sine ord til seg og gått inn i oppgåvene

Det står ein liten, men vesentleg setning i teksten vi las. "Og mannen trudde Jesu ord og gjekk". Han hadde møtt Jesus. Han hadde høyrt etter kva Jesus sa til han. Dette hadde gjeve han større tru. Han gjekk heimover att med eit håp inne i seg. Han hadde ei veksande tru.

3. Mogen tru

Eg ser enno for meg eit besøk i ein aldersbustad. Det var ei eldre kvinne som tenkte at livet nærma seg slutten. Så hadde ho sendt bod på presten og på sine næraste, born og svigerborn. Ho ønskte det skulle haldast ei andaktsstund med nattverd for heile familien. Og så gjorde vi det der på rommet, og både den gamle og vi andre fekk livet i Guds hand. I og for seg var det ikkje noko spesielt som hende. Det var ein roleg og god atmosfære. Men i minnet mitt har den stunda liksom ein eigen glans. Det var eit møte med ei mogen tru. Mogen tru hos ei kvinne som dagleg hadde bedt sine bøner og som ville ha resten av familien med seg på himmelvegen.

Mogen tru, det var vel det embetsmannen frå Kapernaum fann fram til då han såg at sonen hans vart frisk og at Jesus hadde makt til utføre det han sa. Alle i huslyden trudde, står det i Bibelen. Jesus hadde sikkert ein avgjerande plass i livet hans etter den dagen. Mogen tru. Det er målet for oss alle. Det er ikkje sikkert vi får oppleve underet like overtydande som mannen får Kapernaum, men vi kan få oppleve like tydeleg som den gamle kvinna i aldersbustaden at livet vårt ligg trygt i Guds hand.

Har eg nok tru? Av teksten i dag er det viktig å sjå at Jesus tek imot den som kjem i si naud, sjølvo om han berre har ei spirande tru. Men det er likså viktig å sjå at Jesus vil gje oss meir. Han vil at trua vår skal vekse slik at vi når fram til ei mogen tru. Til eit rikt liv saman med han.

Geir Sørebø