IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag etter Kristi openberringsdag

Joh 4:5-26

I PREIKA

Har du nokon gong tenk på kor mykje vatn du brukar i kvardagen? Til å vaske deg med, til å vaske klede og til oppvaksen. Til matlaging - og for avkjøling og leik på varme dagar. Tenk om du måtte bære alt vatnet heim i bøtter frå ei vasspumpe eller ein brunn som kanskje var fleire kilometer unna! Slik er situasjonen for mange menneske i verda – i dag! Slik var situasjonen i den tida da Jesus budde på jorda.

I forteljinga i dag får me vere med ved ein brunn, der menneska som budde i byen kom ut for å hente det vatnet dei trengte gjennom dagen. Me får møte ei kvinne, som ikkje høyrde til same folkeslaget som Jesus – og me får møte Jesus. Dei snakkar med kvarandre – det er det fyrste som er underleg med denne forteljinga, det var ikkje vanleg at jødar og samaritanar snakka i lag. Det andre som er underleg – er at Jesus bed om å få drikke av vatnet som kvinna hentar opp av brunnen. Det høyres kanskje ikkje så rart ut. Men det var det. For jødar kunne ikkje ete i lag med samairtanarar, dei kunne ikkje drikke i lag med dei heller. Men Jesus han gjorde det han!!

Det tredje som er underlege – er at Jesus vil gje kvinna noko som skal vare alltid. Han vil gje ho levande vatn, så skal ho aldri verte tyrst igjen! Det må jo høyrast fint ut for ei kvinne som kvar dag måtte gå langt og bære tungt for å skaffe seg vatn. Men kva er LEVANDE VATN?? Kva var det Jesus hadde i tankane? Ikkje at kroppen aldri skulle bli tyrst igjen – men at ho skulle få ei gåve som kunne samanliknast med ei kjelde med vatn, som kunne samanliknast med kor godt det er å sløkkje torsten med vatn når sola steiker og ein har gått langt. Det vatnet som Jesus hadde skulle gje ho liv, både her på jorda og heime hjå Gud i himmelen.

Ein illustrasjon (ide av Geir Sørebø):

Finn ei plante som ser passe slakk og tyrst ut (f. eks. fredslilje), pass på ikkje vatne ho av gamal vane. Ta planta med på gudstenesta. Heilt i byrjinga syner du fram planta for kyrkjelyden – og gjev planta vatn. Sett ho godt synleg og lat ho stå i fred gjennom gudstenesta. (Mange vil nok ikkje klare å dy seg for å sjekke korleis det går med planta….) Heilt i slutten av gudstenesta tek du fram planta igjen, - om alt har gått etter planen stuttar nå fredslilja med livslyst (om ikkje kan ein sjå at ho har blitt mindre slapp….). Syn planta fram og sei noko sånt som: slik er det med oss også – når me seier ja til det levande vatnet som Jesus ynskjer å gje oss, så skapar det liv i oss.

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 873: Eg er livsens brød (Eg er det levande vatnet) Bruk evnt. bare andre del av salma!

LITURGI

Påminning om dåp: Bruk ordninga frå familiemesseliturgien.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J