15. søndag etter pinse

Joh 5,1-15

FRIGJORT FRÅ OVERTRU TIL TENESTE FOR JESUS

Dette er ein av dei underlegaste tekstane i NT. Ein tekst om alle dei sjuke i Jerusalem som var samla rundt ei heilag kjelde og låg der og venta på at dei skulle kunne verte friske att berre dei kom seg uti vatnet på det rette tidspunktet. Det har vore mange slike kjelder rundt om i verda. I Noreg har vi hatt fleire Olavskjelder med helsebringande vatn i. I dag har vi ikkje så mange heilage kjelder, men desto fleire helsekostbutikkar og dyre terapiar med mystiske namn. Det kostar meir å verte lækt i dag. Mannen vi høyrer om, er sikkert eit tragisk tilfelle. Sjuk i 38 år. Truleg lam. Gjennom teksten møter vi mannen i tre stadier Lat oss sjå litt nærare på denne mannen og dei tre stadiene som han går gjennom

1. Bunden av overtrua

Eg hugsa frå barndommen min at då vi gjekk til støls, så var det ei stor furu som stod langs vegen opp til stølen. Den furua måtte vi leggje ein fin stein under når vi passerte. Dersom vi ikkje gjorde det, fekk vi høyre at det kunne hende oss eitt eller anna på fjellet.

Det er dei som meiner at det aldri har vore så mykje overtru som i dag. Overtrua har ikkje vorte borte. Ho har blomstra opp. Du kan kjøpe eit vekeblad og lese i horoskopet ditt korleis det skal gå med deg i veka som kjem. Du kan ringe Teletorget og snakke med ei spådame. Du kan kontakte synske personar. Det har aldri vore så mykje litteratur å få kjøpe om steinar og stjerner og ånder og overnaturlege ting.

Dei vi las om frå Jerusalem for 2000 år sidan var bundne av overtrua, kvar dag låg dei rundt ei heilag kjelde og vona på underet. Dei var plaga av sjukdom og elende. Overtrua gav dei von om at dei ein dag skulle få eit lukkeleg liv. Difor var dei bundne av overtrua. Slik mange menneske er i dag. Denne mannen som hadde vore sjuk i trettiåtte år var ein representant for desse - og han er ein representant for mange som lever i dag.

Bunden av overtru. Det var det første stadium i denne mannen sitt liv. Eit tragisk stadium.

2. Frigjort av Jesus

For ein del år sidan var eg med på ei filmframsyning i kommunehuset der eg budde då. Det var ein tidlegare narkoman som reiste rundt og synte fram ein film som skildra narkomiljøet i Oslo.

Den tidlegare narkomane kunne fortelje om korleis Jesus hadde frigjort han frå dette miljøet og narkotikaen sitt grep. Om dette vart det mykje debatt og mange ulike meiningar. Eg hugsar mange fagpersonar var skikkeleg skeptiske til den filmen. Men slike vitnemål er det mange av. Eg har møtt alkoholikarar som har stått fram og sagt det same. Eg har fått fortalt frå sjuke som har vorte friske. Dei vitna om dette: Jesus har gjort meg frisk og fri. Eller oftare var det menneske som korkje var narkomane, alkoholikarar eller sjuke. Og likevel var dei bundne av tankar, førestellingar, overtru, synder, - så hende det noko i livet deira som gjorde at dei kunne stå fram og seie: Jesus har frigjort meg. Han har gjeve meg eit nytt liv.

Den mannen som vi høyrde om i teksten, hadde vore sjuk i 38 år. Folk sa sikkert at han var eit håplaust tilfelle. Alt hadde sikkert vore prøvd til ingen nytte. Er det ikkje fint at det er nettopp denne mannen som vi får høyre om at Jesus set fri. Når Jesus kan frigjere denne mannen, kan han frigjere alle. Jesus sa til han: "Stå opp, ta båra di og gå!" Og straks vart mannen frisk. Dette var det andre stadiet i mannen sitt liv. Frigjeringsstadiet. Men dette var berre overgangen til det tredje.

3. I teneste for Jesus

Ein person som har imponert meg, er Ludvig Karlsen. Han var fødd tatergut. Han fekk ein belasta oppvekst og enda som arbeidsledig uteliggjar. Ei radikal kristen omvending i 1975 forandra situasjonen totalt. Han gjekk inn i teneste for Jesus og medmenneske. Han har bygd opp Evangeliesenter over heile landet som har hjelpt rus- og stoffmisbrukarar. Ludvig fekk kongens fortenestemedalje i gull i 1997. Då han fekk medaljen på Grand Hotell, sa han: "Æren går til Jesus".

Då mannen ved Betesda-dammen vart frisk, så forstod han visst ikkje heit kva som hende. Ikkje visste han kven Jesus var heller. Seinare møtte han Jesus, og fekk då alt forklåra. Då står det at mannen gjekk og fortalde jødane om korleis Jesus hadde gjort han frisk. Straks var han i teneste for Jesus. Den teneste som det er å vere eit vitne - eit vitne om kva Jesus har gjort.

Mannen ved Betesda gjekk den vegen alle menneske må gå. Om enn på ulike måtar, og med ulike helsemessige gevinstar. Frå overtrua sitt mørke. Sette fri av Jesus gjennom dåp, opplæring, forkynning og forbøn. Og så utfordra og utrusta til å tene Jesus som eit vitne for han i kvardagen.

Geir Sørebø