4. søndag i faste (Midtfaste)

Joh 6,1-15

Desperat kamp om mat

Overskrifta er henta frå ein reportasje i Bergens Tidende 27. mars 2003. Reportasjen kjem frå ein liten by som heiter Safwan i det sørlege Irak. I eit karrig øydemarksområde der det kanskje bur 5000 menneske. Den første naudhjelpskonvoien hadde nett kome over frå Kuwait etter at krigen starta. Folk styrta mot bilane med mat for å sikre seg noko mot svolten.

Ikkje så veldig langt unna, i dagens Jordan, Irak sitt naboland, var Jesus saman med ei hungrig folkemengd på 5000 menneske ute i øydemarka for snart 2000 år sidan. Scenen har visse likskapstrekk - og likevel står den reportasjen som Johannes laga i sitt evangelium, i den djupaste kontrast til artikkelen i Bergens Tidende. Tre kontrastpunkt mellom situasjonen i dag og situasjonen den gong kan nemnast:

  1. I dag 5 lastebilar med mat - den gongen 5 brød
  2. Kuwaits raude halvmåne (Røde Kors) hadde sendt 5 lastebilar med mat inn til dei sveltande i Irak. Til saman over 100 tonn med vatn, brød, juice, mjølk, sukker og mjøl. Det skulle altså verte rundt 20 kilo på kvar, dersom vi går ut frå 5000 menneske og dersom ein delte likt. Ein stor del av dette var sikkert vatn, men likevel var det ei ikkje heilt ubetydeleg mengde mat.

    I øydemarka aust for Gallileasjøen starta Jesus sitt naudhjelpsprosjekt med eit langt dårlegare utgangspunkt. Ikkje med fem store lastebilar, men med fem brød og to fiskar. På same måte som Røde Kors brukte Jesus innsamla midlar. Det var ein liten gut som gav det han hadde til prosjektet. Læresveinane hadde alt gjort ein kalkulasjon som viste at dei langt frå rådde over midlar som ville gje nok mat til eit einaste måltid til den store folkemengda. Men Jesus sitt prosjekt trengde ikkje meir enn fem brød og to fiskar.

  3. I dag får berre dei sterkaste - den gong fekk alle likt
  4. Journalisten i Bergens Tidende skreiv at rundt Røde Halvmåne sine lastebilar var ein kamp om matpakkane som mellom dyr. Det var dei sterkaste som reiv til seg maten. Han skreiv: "En eldre, furet kvinne kledd i en svart abayakåpe trekker meg til seg og beklager seg lenge. På arabisk tegnspråk forstår jeg at hun har fem døtre, ingen sterke sønner til å delta i kampen. Derfor får hun ikke noe". Rett over er det plassert eit bilete av tre gutar som køyrer ein haug med matvarer på ei handkjerre. Under biletet står det: "Denne familien hadde mange sterke medlemmer".

    Det var på ein heilt annan måte roleg rundt Jesus. "Lat folket setja seg!", sa han. Og alle fem tusen sette seg i graset. Og så står det at han delte ut til alle, så mykje dei ville ha. Og alle vart mette. Og då alle hadde ete, fylte dei 12 korger med mat av det som hadde vorte til overs. Det er all grunn til å tru at dette var ei god fordeling som gjorde at alle fekk dekka sine behov.

  5. I dag utviklar det seg hat - den gong utvikla det seg tilbeding

Reportasjen i Bergens Tidende endar slik: "Blant de aggressive unge menn er det kamp til det siste, og da alle lastebiler er tømt, får de for alvor øye på de siste pressefolkene. Det oppstår nærmest lynsjestemning når vi avviser å bytte sedler med Saddam Husseins portrett for dollar. Og da vi åpner dørene til bilen vår, kaster flere av de unge irakerne seg inn for å tømme den. - Go, go, roper de når vi kjører vekk"

Johannes sin reportasje enda med at folket sa: "Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!" Og Jesus forstod at dei ønskte å gjere han til konge. Det var ikkje hat og forbitring som fylte folket, men tru og tilbeding. Dei hadde ei aning av at Gud hadde handla og at nye tilhøve ville gjelde i ny messiansk tid, difor ville dei gripe han og halde seg til han.

Vi har sett saman to situasjonar som har eit visst likskap i scenearrangement. Kva er det som gjer at det endar annleis når folket er samla om Jesus? Han hadde jo så lite å hjelpe seg med i starten. Underet, vil nokre seie. Det ufattelege underet at han ved si velsigning skapte om fem brød og to fiskar til ei matmengd meir enn stor nok for fem tusen menneske. Men dette er slett ikkje heile skilnaden. I kontrast til BT-reportasjen møter vi ei heilt anna stemning frå byrjinga av. Folket sette seg forventningfulle ned i graset. Dei gjorde akkurat slik Jesus hadde sagt. Blikket varr festa på ein liten gut som bar fram gåva si. Vi kan ane korleis det var stille medan Jesus bad takkebøna. Er ikkje det største underet at Jesus har forandra menneskesinnet i ei krigersk verd, som slett ikkje var meir fredeleg den gong Jesus rodde tvers over Gallileasjøen?

I dag er millionar av menneske samla rundt nattverdsbordet, igjen ventar vi på brødunderet som hender mellom oss, men enno meir ventar vi på det store underet at menneska sine krigerske sinn må verte endra og at det må verte slutt på den desperate kampen om mat.

Geir Sørebø