4. søndag i faste (Midtfaste)

Joh 6,1-15

NÅR JESUS FÅR VELSIGNE, VERT ALT FOR LITE MEIR ENN NOK

Når vi får gjester og lagar til mat åt dei heime, så er eg ofte redd for at vi har laga til for lite mat. Det er visst noko som heng att i sinnet frå ein barndom etter krigen der det ikkje var så rikeleg

med alt som i dag. Ofte kan det sjå ut som Jesus og medhjelparane hans har laga til for lite. Det gjeld på ulike område:

1. Brødet på bordet

I mi ungdomstid var det ein sommar at eg saman med nokre vener skulle gå ein lengre fjelltur. Vi skulle ha med eit par brød, litt smør og noko pålegg som mat. Til dei første timane hadde vi påsmørt niste. Då vi hadde gått ein del timar og hadde ete opp nista, vart det spørsmål etter brøda. Kven var det som hadde brøda i sekken? Det viste seg at ingen hadde brøda. Dei låg att nede i bygda. Vi måtte ha ei lita samråding. Vi samla saman alt som vi hadde i sekkane som kunne etast. Måtte vi snu, eller klarte vi ei overnatting og ein dagsmarsj til neste hytte? Ved gjennomføre ei rettferdig fordeling av nokre sjokoladar og eit par rosinpakkar, fann vi ut at vi skulle greie oss.

Noko vi også gjorde - så vidt det var.

Utgangspunktet var enno dårlegare i fjella på hi sida av Gallileasjøen. Nesten alle 5000 hadde gløymt mat. Berre ein liten gut hadde fem byggbrød og to fiskar. Men så viste det seg at alle likevel fekk nok, ikkje fordi dei delte rettferdig, men fordi alt vart overgjeve til Jesus slik at han kunne få signe midlane og bruke dei.

2. Brødet på altaret

"Eg tykte det såg ut som papir!". Orda kom frå ei lita jente som hadde vore med til alters for første gong. Ho hadde fått brød og vin. Men ho tykte at det var så bitte lite det dei fekk. Brødet var så tynt at det var nesten gjennomsiktig. Ikkje tjukkare enn avispapir. Kva meining kunne det ha å gå fram og ete noko slikt? Ja, det er ikkje berre femåringar som kan tenkje slik. Desse små midlane som presten ber fram, kva kan det gje av næring.

Svaret er at det er det same som hender ved altarbordet som hende i øydemarka der 5000 vart metta gjennom ei ørlita mengd med mat. Ved nattverdsbordet kjem Jesus og møter svoltne menneske. Menneske som lengtar etter åndeleg næring. Nokre gram brød og nokre milliliter vin får bere heile Jesu fylde til oss. "Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke", sa Filip ute i øydemarka. Sant nok, dersom det berre dreidde seg om rettferdig fordeling av materielle gode. Men også det hadde vore meir enn nok dersom midlane hadde vorte nytta til å formidle Jesu velsigning.

3. Brødet i Bibelen

Eg har ei fin brosjyre frå Bibelselskapet. På eit bord ligg ein Bibel. Ved sida av Bibelen ligg ein kniv, ein gaffel og ei skei. Det ser ut som ein har planlagt å ete av Bibelen. Både hovudrett og dessert. Jesus han sa om seg sjølv ein gong: Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelte, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. Difor er det slik at vi finn den rette næring for livet i Bibelen.

I den tida eg arbeidde i Oslo vart eg kjend med ein ung mann frå Chile. Han hadde måtta flykte frå heimlandet. Frå kone og born og familie. Nesten ingen ting hadde han med seg. Ikkje pengar. Ikkje eignelutar. Men han hadde ein spansk Bibel i neven. Den gjekk han nesten alltid rundt med. I den fann han håp i ei mørk og vanskeleg tid. Han erfarte nok då noko av sanninga i det ordet vi høyrer i den første tekstlesinga på midtfastegudstenesta frå 5 Mos 8 der det står at mennesket ikkje lever berre av brød, men kvart ord som kjem frå Herrens munn (v.3). Korleis kan noko så ubetydeleg som nokre trykte ord gje livet innhald for ein flyktning. Igjen er det underet frå øydemarka. Små midlar er stilte til disposisjon for Jesus slik at hans gode velsigning kan nå oss.

Det har alltid vore svoltne menneske på denne jorda - men ligg det ikkje framleis ei von i å stille alle dei midlane vi har til Jesus sin disposisjon?

Verda er full av menneske som leitar etter forsoning og fornying - men ligg det ikkje framleis ei von i å ta imot Jesus gjennom hans enkle nådemiddel?

Verda er full av menneske som leitar etter åndeleg næring og styrke - men ligg det ikkje framleis ei von i den boka som omsett til snart alle tungemål?

Når Jesus lagar til, er det alltid meir enn nok til alle.

Geir Sørebø.