IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

4. søndag i faste

Joh 6:24-36

I PREIKA

Me har kome til rasteplassen i kyrkjeåret. Til midtfaste. I dag handlar tekstane om brød. Me får høyre om manna i øydemarka og at Jesus er livsens brød.

Det heile startar med at folket endeleg finn att Jesus. Dei har leita ei stund, og skjøner ikkje heilt korleis han kom seg dit! For ikkje lenge sidan var dei samla på hi sida, og åt seg gode og mette av fem brød og to fiskar. No ville dei ha meir. Kor kjekt var det ikkje med ein som kunne halde dei med maten?

Men det var ikkje difor Jesus gjorde under – ikkje for å mette magen fyrst og fremst – men for å peike på Gud. For å fortelje om det evige, om det som varer. Kva er det Gud vil at me skal gjera – jo tru på han som vart sendt. Jesus.

I nattverden vert Jesus gjeve til oss gjennom brød og vin. Som regel er brødbiten ikkje særleg stor, det er heller ikkje store skvetten med vin. Men likevel meir enn nok til å gje oss av livet med stor L – det evige livet saman med Gud. "Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv!"

Tyrsdag er det fasteaksjon – brød for verda. God tur!

EI SALME

Norsk salmebok nr. 789: Alle vender augo sine til deg

Kan brukast både i gudstenesta og som bordvers. Det som ville sette ein ekstra spiss på sangen (og maten…) var om nokre ungdommar øvde inn over og understemmer. Så ville kyrkjelyden bli eit stort kor – og så vakkert som det ville bli!

LITURGI

Nattverd: Denne søndagen bør det vere nattverd. Dersom kyrkjelyden har eigne søndagar der f.eks 6-åringar vert invitert til gudsteneste og nattverdfeiring er denne fin å bruke.

Kyrkjemiddag eller kyrkjesuppe: inviter kyrkjelyden til måltid midt i kyrkjerommet etter gudstenesta! Engasjer gjerne ei barnegruppe eller konfirmantgruppe til å ta seg av det praktiske.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J