2. pinsedag

Joh 6,44-47

Pinsa sitt resultat

På pinsedag har vi spesielt for auga at Den Heilage Ande vart rent ut over læresveinane og kyrkja. På andre pinsedag handlar teksten om tru. Men tru og Den Heilage Ande heng saman. Tru er resultatet av Den Heilage Ande sitt nærvær hjå oss. Og kva seier så denne teksten frå Johannes-evangeliet om tru:

1. Trua er nok for det evige liv

For litt sidan stod eg på ein flyplass og ville ta ut valuta på mitt Mastercard. Men eg kunne ikkje hugse koden. Stadig fekk eg meldinga på minibanken sin skjerm: "Feil kode". Det var irriterande å vite at det berre dreidde seg om ein enkel talkombinasjon. Det var pengar på kontoen, setlar låg tilgjengelege ein meter frå meg, eg hadde kortet, men alt var til ingen nytte fordi eg kunne ikkje kome på dei rette tala. Ein enkel talkode ville vore nok til å skaffa meg pengar.

"Den som trur, har evig liv", sa Jesus. Trua er nok. Trua er det som skal til for å skaffe oss evig liv. Trua er nok fordi Jesus har lagt grunnlaget for frelsa, og fordi frelsa vert rekt til oss i nådemidla. Trua er det som trengst for å ta imot. Det evige livet kan vere meg så nær, så nær, men dersom trua manglar, så er det likevel til ingen nytte. Akkurat som kapitalen som låg så nær meg og som eg hadde rett til å bruke, men som eg likevel ikkje hadde tilgang til fordi eg mangla koden.

2. Trua gjev utdanning for livet

Ein som eg kjenner, satsa på å få ei utdanning i militæret. Det var mange hundre søkjarar, men berre nokre få som skulle takast opp. Det var mange slags testar som avgjorde kven som fekk plassane. Det var beinharde krav både på det fysiske og psykiske området. Men då han var komen gjennom nålauga, fekk han gratis utdanning. Ei flott utdanning som gav mykje kunnskap og ei god utrustning for livet. Det krevst verken fysisk eller psykisk styrke for å verte teken inn i Guds rike. Det er nok med tru. Men med trua byrjar også ei gratis utdanning for livet. Jesus sa: "Alle skal verta opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han kjem til meg". Når Jesus sa dette, brukte han formuleringar frå dei gamle profetane som viste til at det skulle kome ei tid der Gud utrusta alle sine born (Jes 54,13; Jer 31,33ff). Dette skulle skje i trua si tid eller Anden si tid, som vi lever midt inne i i dag og som pinsetekstane skildrar for oss. Det kan vere nok å minne om at Jesus sa: "Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk" (Joh 14,26). Trua gjev utdanning for livet.

3. Trua er meir enn ei meining

I kvar gudsteneste vender eg som prest meg mot kyrkjelyden og seier: Lat oss vedkjennast vår heilage tru. Det hender at eg ikkje høyrer stemmer som deltek frå kyrkjelyden. Då kunne eg nok ha lyst til å snu meg og oppfordre til meir høglydt vedkjenning. Eg har ikkje gjort det. For tru kan ikkje presterast på kommando. Tru er også noko meir enn å lese opp kyrkja si rette lære. Ja, tru er meir enn å ha dei rette meiningane. Same kor rette dei enn er, så vert dei ikkje automatisk til tru. Jesus sa, slik vi les i teksten for 2. pinsedag: "Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han".

I Jerusalem stod Peter fram inspirert av Den Heilage Ande og fortalde om det som hadde hendt med Jesus, krossfestinga, oppstoda og himmelfarten. Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: "Kva skal vi gjera, brør?" Peter svara: "Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve (Apg 2,37-38) Og så høyrer vi at alle kom til tru. Trua er meir enn ei meining. Trua er det samfunnet med Jesus som gjev utdanning for dette livet og som leier oss til det evige livet. Trua er pinsa sitt resultat. Måtte Den Heilage Ande få gje oss denne trua!

Geir Sørebø