Skjærtorsdag

Joh 6,52-65

KVA FÅR VI I NATTVERDEN?

Eg gløymer aldri ein skjærtorsdag i ei fullsett landsens kyrkje. Kyrkja tok rundt 150 menneske. Det vart tala utfordrande med utgangspunkt i evangelieteksten som så vidt eg minnest var Matt 26,17-29, der det vert fortalt om korleis Jesus innstifta nattverden. Presten avslutta talen med desse orda: "Dersom du nokon gong i ditt liv har tenkt å delta i nattverdsfeiringa, så er stunda der no!". Når det så vart innbode til nattverd, så var det 3-4 menneske som reiste seg og gjekk fram til altarringen. Ei sterk synleggjering av at det største misbruk av nattverden i kyrkja vår i dag er at han ikkje vert brukt. Stadig må vi minne kvarandre om kva det er vi får i nattverden, og skjærtorsdagsteksten frå Joh 6,52-65 er eit godt høve til det. Ut frå denne teksten får vi følgjande gjennom nattverden:

1. Samfunn med Jesus

Kona mi og eg var for nokre år sidan i Romania ein sommar. Og ein dag fekk vi vitje ein for oss heilt ukjent fattig familie ute på landsbygda. Det var umogeleg å samtale med dei, for dei kunne ikkje noko anna enn rumensk. Men dei hadde laga til eit stort måltid med både brød og vin. Vi kunne sitje saman til bords og dele bordet sine gleder. På denne måten fekk vi noko felles. Jesus samla ofte menneske rundt bordet. Han gjorde det siste kvelden han var saman med læresveinane. Han sa han ville gjere det på ny i himmelen (Matt 26,29). I mellomtida samlar han oss rundt nattverdsbordet. Han byd oss inn sjølv, for han sa: Gjer dette til minne om meg! Ved nattverdsbordet får vi samfunn med Jesus: "Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han" (v.56).

2. Livskraft for det nye mennesket

Alle veit at ein nyfødd baby treng spesialmat. Eit barn som nett er kome til verda, kan ikkje leve av brød, poteter og kjøtkaker. Det skjønar ei kvar mor, og mora vil heilt automatisk leggje barnet til brystet, og barnet vil frå første time av drikke mjølka. Og mjølka har alt det som det nye livet treng for å vekse.

Under dåpshandlinga i kyrkja vert det sagt om dei som vert døypte: "I dåpen vert dei Guds born, fødde på nytt ved Den Heilage Ande". Ein kvar kristen har vorte fødd på ny. Han har vorte fødd inn i Guds rike som eit Guds barn. Men dette nyfødde åndelege livet kan heller ikkje greie seg med brød, poteter og kjøtkaker. Det treng åndeleg næring frå Jesus. Sjølv om du er 80 år, så er du enno eit Guds barn som treng denne næring, som vi får gjennom nattverden og Guds ord. Jesus sa: "Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje liv i dykk" (v.53) og "Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal og den som et meg, ha liv ved meg" (v.57).

3. Kraft til oppstode etter døden

Når eg ser ut vindauga frå kontoret mitt siste dagen i mars, så ser eg hundrevis av snøklokker som blomstrar ute i hagen nokre dagar etter at snøen er borte. Kvar kjem krafta frå som reiser dei frå molda? Ho kjem frå ein liten løk under jorda. Opplagsnæring som planten samla ein tidlegare vår og sommar. Ein kvar kristen som søkjer Jesus der han møter oss, samlar opplagsnæring til oppstodedagen. Krafta til oppstoda finst hos Jesus, men ho vert gjeven oss gjennom ord og sakrament. Gjennom nattverden. Jesus sa: "Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. For lekamen min er sann mat, og blodet mitt sann drikk" (v.55). "Den som et dette brødet, skal leva i all æve" (v.58).

I Kapernaum sa læresveinane då dei høyrde dette: "Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?"

Det var kanskje tankegangen også i den vesle landsens kyrkja der berre nokre få kom fram til altarringen under skjærtorsdagsgudstenesta. Orda er harde for det gamle mennesket i oss som må erkjenne at det ikkje greier seg sjølv. Men for det nyfødde Guds barn er det milde og gode ord fulle av kjærleik og omsorg.

Geir Sørebø.