11. søndag etter pinse

Joh 6,66-69

KVEN VIL DU GÅ TIL?

Rundt 87% av folket i Noreg er medlemer i Den norske kyrkja. Alle desse er døypte i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Likevel finn ein her menneske som har heilt ulike haldningar til Jesus Kristus. Frå dei som vedkjenner seg Jesus og følgjer han i tru og liv, til dei som heilt tek avstand frå Jesus og kristen livstolking. Eit slikt mangfald er ikkje noko nytt. Johannes 6 fortel om korleis mykje folk søkjer kontakt med Jesus, men når dei høyrde kva han stod for, så reagerte dei heilt ulikt. Nokre fann Jesus uinteressant eller uakseptabel, andre fann det eigentlege livet hos Jesus. Det vesle stykket frå evangeliet denne søndagen, viser oss tre handlingar i høve til Jesus som vil finnast i ei kvar sann kyrkje til alle tider:

1. Fråfallet

For litt sidan hadde eg ein interessant samtale med ei dame i 20-åra. Ho var i dag ingen kristen og hadde meldt seg ut or kyrkja. Men ho fortalde at ho hadde vore ein aktiv konfirmant. Ho hadde i ungdomstida lese mykje i Bibelen og gått både på gudstenester og møter. Men til sist hadde ho drege den konklusjonen at dette gav henne ingen ting. Nettopp gjennom bibelstudium og deltaking i kristent fellesskap hadde ho kome fram til at kristendommen sin bodskap ikkje kunne vere sann. Jesus var etter hennar meining ikkje den han sjølv påstod han var. Dette er ikkje noko nytt. Då Jesus, slik Johannes fortel, utførleg hadde lagt ut om kven han var, høyrer vi: "Etter dette drog mange av læresveinane hans seg unna og gjekk ikkje ikring med han lenger". Fråfallet vil alltid følgje kyrkja. Fråfallet er ofte ikkje ein reaksjon på utilstrekkelege kristne, men eit uttrykk for at ein ikkje kan godta Bibelens Jesus.

2. Utfordringa

For mi eiga utvikling som kristen, vart eit lite spørsmål frå ein kamerat viktig. "Er du ein kristen?" Spørsmålet kom på gata i Bergen ein sein laurdagskveld då eg var 17 år. Han som spurde var kristen, og han utfordra meg til å gje eit svar. Det var viktig for meg å få ei slik utfordring ansikt til ansikt. Eg hadde vore med på møter i det kristne skulelaget. Eg hadde vore med i ei samtalegruppe. På eit tidspunkt vart det naudsynt å avgjere: Er Jesus noko for meg? Vi ser at Jesus utfordrar menneske ansikt til ansikt. "Vil de og gå bort?" spurde han dei tolv. Eit spørsmål som må svarast på med eit ja eller eit nei. Denne utfordringa må alltid følgje ei sann kyrkje. Ho må kome fram gjennom forkynninga, men ikkje minst - slik mange av oss har erfart - gjennom den eine personens møte med den andre ansikt til ansikt.

3. Vedkjenninga

Det er mange måtar å bere fram ei kristen vedkjenning på. Det kan vere eit ja til ein kamerat på gata. Det kan vere gjennom eit vitnemål i ei kristen forsamling. Det kan vere gjennom å gå fram til nattverdsbordet og bøye kne under ei gudsteneste. Det kan vere gjennom eit intervju i ei avis. Ei vedkjenning kan formulerast på ulike måtar i ulike situasjonar, men Peter sitt svar viser oss to sanningar som ei kristen vedkjenning må gje sin tilslutnad til: Bibelen inneheld det Guds ord som viser vegen til det evige liv ("Du har det evige livs ord") og Jesus er Guds son, vår frelsar ("Du er Guds Heilage"). Det var viktig for Jesus å få eit svar. Men det var like viktig for Peter å bere fram vedkjenninga. Og dette er stadig like viktig. For på denne vedkjenninga kviler heile vår kyrkje.

Fråfallet vil alltid følgje kyrkja. Like visst må utfordringa vere der. For det er utfordringa som kallar fram den vedkjenninga som er grunnleggjande for den einskilde sitt kristenliv og den sanne kyrkja sin eksistens.

Geir Sørebø