IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

11. søndag etter Pinse

Joh 6:66-69

I PREIKA

Mannen med det Levande ordet!

Folket hadde fått mat av Jesus i øydemarka. Langt over 5000 hadde ete seg gode og mette. Nå hadde dei funne Jesus igjen, -dei hadde leita ei stund! Dei ville vere med han meir, og sjå om han kunne gjere nokre nye, store under. Jesus utfordra dei: Tru på meg! Tru på han som Gud har sendt!

Men mange trakk seg unna. Dei synast det var vanskeleg å tru at Jesus var sendt frå Gud. Sjølv mange av dei som hadde vore saman med Jesus ei stund, tok eit steg tilbake.

Då spurde Jesus dei 12: "Vil de og gå bort?" Skal lure på om Jesus var redd for svaret han skulle få???

Men Peter svara: "Kven skulle vi gå til? Du har det levande livs ord, og vi trur og veit at du er Guds Heilage"

Peter trudde på Jesus. Sjølv om det var mykje som var vanskeleg å skjønne også for han og dei andre 11 læresveinane. Så trudde dei at Jesus var sendt frå Gud og til oss menneske.

La oss stille oss ved sida av Peter og seie: me trur me og!

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh 3:16 Den vesle Bibelen

EI SALME

Salmer 1997 nr. 71: Tett ved sida mi går Jesus

LITURGI

Truvedkjenninga: Her seier me fram kva kyrkja trur på i lag. Kven me trur Gud er finn me ut her! Denne søndagen kan det vere fint å forklare kva ordet VEDKJENNING tyder.

Nattverd: I nattverden får me smake på "det levande ordet". Det var mange som støytte seg på at Jesus snakka om at lekamen hans var mat, og blodet drikk og trakk seg unna. Men dei 12 vart verande: "Kven skulle vi gå til? Du har det levande livs ord" I nattverden får me mat som gjev liv.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J