Kristi openberringsdag

Joh 8,12

SOM ET FYRLYS BLINKER JESU NAVN

På mange gravsteinar her ute ved kysten på Vestlandet er det gravert inn bilete av eit fyrtårn som blinkar i mørkret ut over havet. Utan tvil er det strofa frå songen Namnet Jesus som har inspirert steinhoggaren: Midt i nattens mørke blinker som et fyrlys Jesu navn, og hver hjelpløs seiler vinker inn til frelsens trygge havn (NoS 86,3). Og bak dette sangverset igjen står Jesus sine ord frå teksten for denne søndagen: "Eg er ljoset for verda. Den som fylgjer meg, skal ikkje ferdast i mørker, men ha livsens ljos". Kva vil det så seie at Jesus er ljoset for verda? Tre ting kan nemnast:

1. Jesus viser oss den rette retningen for livet vårt

Men vi opplevde den hausten då hurtigbåten Sleipner gjekk på grunn at den som skal manøvrere seg gjennom skipsleia i mørkret er avhengig av kvart einaste blink frå fyret. Sjølv i vår moderne tid er eit fyrtårn, eller berre ei lita blinkande lykt, ved skipsleia naudsynt for at skipsføraren skal nøyaktig vite retningen. Og den skipsføraren som ikkje veit sikkert kva retning hans skal styre i, kan komme til å havarere før han veit ordet av det. For ei tida attende hadde vi hos oss ein kyrkjelydskveld med tittelen: Er den kristne moralen avlegs? Vi vart vel samde om at den kristne moralen langt frå er avlegs, men at han likevel i mindre grad enn før vert praktisert. Det som ofte manglar er ei forståing av at det er noko som er absolutt gale og det er noko som er absolutt rett. Det er ofte greitt nok dersom det synest å vere rett for meg. Det som manglar er eit fast orienteringspunkt i livsleia som kan setje på alarmen når ein er ute av kurs. Når Jesus seier: Eg er ljoset for verda, så har han dermed uttrykt at han gjer krav på å vere det einaste trygge orienteringspunktet i verda for den som vil finne ut av kva som verkeleg er rett og gale.

2. Jesus er bæraren av det gode

Mørkret er i Bibelen symbolet for det vonde. Ljoset er symbol for det gode.

Gjennom heile Bibelen går det som ein raud tråd ein kamp mellom ljoset og mørkret, mellom det gode og det vonde. Dette treng ein ikkje ha lese i Bibelen for å førestelle seg. Sjølv eit barn har ei kjensle av at mørkret ber med seg angst og kulde. Eg hugsa sjølv at eg som barn ofte undra meg over alle dei skumle fantasiane eg gjorde meg når det var mørkt ute. Eit tre ved vegen vart til eit uhyre som strekte armane ut etter meg. Ein stein med mose på vart til ein luskande bjørn. Men når lyset kom, var alle desse trolla som sunkne i jorda. Borte med mørkret.Tenk for eit innhald det vert då i Jesus si utsegn: Eg er ljoset for verda. Den som følgjer meg skal ikkje ferdast i mørkret, men ha livsens ljos. Han er det absolutt gode. Men det er ikkje alltid at ljoset vert opplevd som godt. Den som sit i tannlegestolen og får ljoset frå den store lampa rett i ansiktet opplever det ikkje alltid behageleg, men vert ofte temmeleg sveitt. Men då er det ikkje ljoset i seg sjølv som er vondt. Det er vi som er sjuke. Det er vi som har spora av inne i oss.Men når tannlegen er ferdig med boringa, vert ljoset frå lampa i taket heilt ufarleg. Slik er det og med Jesus sitt ljos. Det er ransakande, men samstundes lækjande. Det er den gode krafta.

3. Jesus viser oss den rette kunnskapen om Gud

Vi kan jo av og til seie når vi har gått og grubla på eit vanskeleg problem og brått ser løysinga: "No gjekk det eit ljos opp for meg" Jesus som ljos for verda. Det betyr at det har gått opp eit ljos for verda. Gjennom årtusen hadde verda grubla på eit stort og uløyseleg problem: Korleis kan eg, vesle menneske, kome til den heilage og mektige Gud? Er det i det heile mogeleg for eit menneske som meg å vinne evig liv? Ingen hadde kunna svare på dette spørsmålet. Ikkje før den dagen ljoset brått stråla over Betlehemsmarkene og ein engel kunngjorde: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by, han er Kristus, Herren. Då gjekk det eit ljos opp for verda. Då gjekk det eit ljos opp for dei som kjende dei gamle profetiane om barnet som skulle verte fødd. Paulus skriv: "Gud som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i hjarto våre, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skulle lysa fram" (2 Kor 4,6). Måtte Jesus vere vårt ljos gjennom eit nytt tusenår like umisteleg som fyrtårnet ved kysten er for skipparen som styrer i mørkret.

Geir Sørebø