5. Søndag etter pinse
Joh 8,2-11

SYNDA SKAL DØY OG SYNDAREN SKAL LEVE

Det er mange måtar å tenkje om synd på. Og det er mange måtar å møte ein syndar på. Teksten for denne søndagen set søkjelyset på nokre aktuelle handlingsmønster. Desse kan konkretiserast i tre ulike modellar:

Modell 1: Syndaren vert fordømd, men synda vert akseptert

Eg ser enno for meg ei kjempeoverskrift i Dagbladet. Der stod det følgjande: "Synda i 12 dagar". Oppslaget gjaldt ein prest som hadde budd saman med dama han var trulova med i 12 dagar. Ho hadde vorte gravid. Og dei gifta seg først etterpå. Presten vart permittert frå arbeidet, det var så. Men oppslaget i Dagbladet gjorde at mannen og familien vart hengt ut over heile landet. Det er ikkje einaste gongen tabloidpressa har hengt ut syndarar. Dei lever for ein stor del av å gjere nett det. Men det underlege er at dei same avisene på dei siste sidene tener gode pengar på annonsar som ikkje byggjer på den seksualmoral som personar vert uthengde for på framsida. Ein fordømmer syndaren, men ein godtek synda. Og dette er heilt allment. Slik har menneske gjort til alle tider. Når dei kjem til Jesus med ei kvinne som dei har gripe i ekteskapsbrot, så har dei funne ut at straffa ut frå lova burde vere steining. Dei har alt dømt henne til døden. Og vil ha Jesus si stadfesting på dette. Dersom Jesus gjorde noko anna kunne dei klage han for å bryte lova. Jesus sitt svar har vorte verdskjent. Jesus sitt svar vert også i dag brukt nesten som eit ordtak: "Den som er utan synd, kan kaste den første steinen".

Verknaden var at alle tusla skamfulle bort. Sjølvsagt fordi dei etter å ha tenkt seg om, fann ut at dei ikkje var betre sjølve. Dei hadde dømt syndaren, men sjølve synda hadde dei visst ikkje teke så nøye. I alle fall hadde dei ikkje tenkt på at dei hadde same synda sjølv. Dei hadde ikkje sett det før Jesus fekk dei til å tenkje i andre baner.

Modell 2: Synda vert fordømd, men syndaren vert akseptert

Det var to gamle foreldre som hadde ein son som var alkoholikar. Sonen miste arbeidet. Han hadde ikkje pengar. Han hadde ingen plass og bu. Han brukte av foreldra sine pengar. Livet dreidde seg i det store og heile om ein ting: Å skaffe seg drikkevarer.

Eg undra meg over at foreldra orka å ha han i hus. Men det gjorde dei. Dei var folk som levde eit ordna liv. Dei var folk som slett ikkje låg under for drikk. Dei såg tvert om alkohol som eit vonde. Men likevel stelte mor for han. Vaska kleda hans. Laga mat til han. Morskjærleiken var der alltid. Synda vart fordømd, men syndaren vart akseptert.

Det er jo dette som alltid er tilfelle med Jesus. Jesus fordømmer synda og godtek syndaren.

Kvinna var nære på slegen i hel av folket sin dom. Ho vart ståande åleine att med Jesus. Ho fekk inga skjennepreik. Eg innbiller meg at ho følte seg uendeleg letta, ja, forundra og overraska då Jesus sa: "Var det ingen som dømde deg - Så dømer ikkje eg deg heller". Og likevel tok Jesus avstand frå synda: "Gå bort og synd ikkje meir", sa han. Jesus fordømde synda, men han aksepterte syndaren.

Modell 3: Både synda og syndaren vert akseptert

Det finst mange fellesskap som tilsynelatande er bygde opp rundt ein filosofi der alt er tillate og alle vert godtekne. Lat oss t.d. sjå på ein mortorsykkelklubb som Hells Angels, som vaks fram i USA etter krigen. Dette var ei gruppe som forstod seg sjølv som "Outlaws" - utafor lovene - og som såg det som positivt å kunne leve eit liv fri frå samfunnet sine lover og Guds bod. Det paradoksale er at grupper som ikkje vil akseptere synd som ein realitet ofte etter kvart får oppleve synda sine bitre konsekvensar alt i dette livet.

Både synda og syndaren vert akseptert - dette kan høyrast ut som den mest tolerante av alle modellar. Men dette alternativet er i det heile ikkje nemnd i teksten for denne søndagen. Det fantest nok menneske som tenkte slik på Jesus si tid, men dei kom heller ikkje den gongen til Jesus. Han var ingen aktuell samtalepartnar.

Fariserarane og Jesus var samde om ein vesentleg ting. Synd er livsfarleg. Men dei hadde heilt ulik løysing. Farisearane ville slå i hel syndaren. Jesus ville gjere ende på synda og gje syndaren nytt liv. Slik er det berre Jesus sin modell som kan gje oss von for framtida.

Geir Sørebø