IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

5. søndag etter Pinse

Joh 8:2-11

I PREIKA

Ein kamerat av meg hadde denne søndagen for nokre år sidan teke ein tur ut på jordet før gudstenesta. Med seg inn – og opp på preikestolen – hadde han ein mellom stor stein. Denne la han på kanten av preikestolen da preika byrja. eg må seie at eg ikkje hugsar stort av preika, men steinen og bilde han skapte i meg, sitt sterkt fast. Den var så urovekkande konkret der han låg. Det var å få slike steinar over seg kvinna sto i fare for, og som mennene rundt ho ville døme ho til. Men det var og slike steinar som ein etter ein vart slepte ned att på bakken. Dei kunne ikkje kaste likevel, Jesus hadde gjeve dei eit møte med seg sjølve. "Den av dykk som er utan synd, han kasta den fyrste steinen…."

Steinen vart liggande, kvinna fekk ein ny sjanse til å leve livet sitt, fri og tilgjeven kunne ho gå vidare. Han som hadde kunna kasta steinen han hadde berre teikna i sanda, berre fantasien kan gje oss svar på kva han teikna der. Men borte, som det som er teikna i sand, det var dei: synda og det som hadde gått gale i livet hennar. "Så dømer ikkje eg det heller. Gå bort og synda ikkje meir!"

Denne gonge vil eg ta med meg stein i kyrkja, og lat han bli liggande i ro….

EI SALME

Norsk salmebok nr. 709: Har vi sten i våre hender

LITURGI

Syndsvedkjenning: Lag ein haug med steinar i midtgangen. Under syndsvedkjenninga kan alle kome fram, ta med seg ein stein og legge han frå seg på altaret eller ved ein kross. Sei litt om kva steinen symboliserar både i forhold til dagens tekst og til at steinen er eit bilde på synda vi ber med oss, - det som tynger oss. Nå skal me få legge det frå oss gjennom å legge frå oss steinen hos Jesus.

Guds signing!

Anne Berit Sunde J