18. søndag etter pinse

Joh 8,31-36

ER EG KRISTEN NOK?

Spørsmålet datt plutseleg ned i tankane mine. Eg trur det var eit tema på kyrkjelydskveld for nokre år sidan. Men spørsmålet dukkar stadig opp att. Det dukkar opp att ved sjukesenga. Det dukkar opp att frå ein fadder. Det dukkar opp att frå ein leiar for barneklubben. Teksten for denne søndagen gjev eit svar på dette spørsmålet som kan delast i tre ledd:

1. Det er ikkje nok med tradisjonar

Når eg som prest samtalar med foreldre som har bedt om dåp for barnet sitt, plar eg alltid spørje i samtalen: "Kva er det som gjer at de vil døype barnet dykkar?" Svara er mange og ulike. Men nokre seier: "Vi vil døype barnet fordi det er tradisjon i familien". På mange måtar er dette eit fint svar. Dei unge i familien vil ta vare på gode, gamle verdiar. Dei vart sjølv døypte. Fedrane deira har vorte døypte i generasjonar bakover. Nokre har til og med ein dåpskjole som er eit arvestykke som har vorte brukt i ætt etter ætt. Og likevel må det seiast: Dette er ikkje nok.

Jødane som Jesus snakka med, var tradisjonsbevisste. Dei hadde ein ættetradisjon som gjekk like attende til Abraham. "Vi er Abrahams ætt", kunne dei seie. Og Abraham var utvald av Gud. Etterkommarane hans var utvalde av Gud. Jødane stod i ein ubroten tradisjon som dei var stolte av. Likevel var ikkje dette nok. Det er ikkje nok med tradisjonar.

2. Det er ikkje nok med trælarbeid

Då eg var gutunge, hadde mange av gardane ein eller fleire drengar. Som oftast ein ung gut i slutten av tenåra som arbeidde på garden og hadde kost og losji og litt betaling. Det var ofte kjekt for oss som vaks opp på garden å vere saman med drengen. Og drengen vart etter kvart nokså husvarm og heime i huset. Men det var alltid ein skilnad på oss som var ekte born i huset og drengen. Drengen måtte gjere det som til ei kvar tid var pålagt han. Han var ikkje fri til å gå i kammerset og finne seg kaker på same måten som sonen i huset. Og hans tid i huset var som oftast slutt når hausten kom.

Det vert aldri slutt på drengetenesta. Jesus seier at eit kvart naturleg menneske er ein dreng. Eller enno sterkare: Ein træl. Ein træl på den måten at vi har ein herre, ei makt som bestemmer vår handling. Nokre gonger vert det så tydeleg. Ein alkoholikar som eg kjenner, benektar alltid at han er slave av alkoholen, likevel ser vi andre at det er alkoholen som styrer mykje av hans liv. Kva er det som styrer mitt liv? Det er ikkje alltid så lett å sjå det. Er det pengane si makt? Er det trongen til å ha ære og posisjon i samfunnet? Er det sex? Er det behovet for å framstå som eit akta menneske? Luther skreiv ein gong om den trælbundne viljen. Vi kan gjere mykje godt i samfunnet. Men likevel er vi innerst inne drengar for ei eller anna makt. Om vi anstrenger oss det ytterste, så forandrar det ingen ting. Vi er likevel trælar. Og det er ikkje nok med trælarbeid

3. Det er nok å kvile i Jesu ord

Som ungdom visste eg om ein jamaldrande gut som var einaste son i huset. Det vil seie: Han var visst ikkje son. Bestemor mi sa: "Dei har berre teke han til seg". Han var adoptert, ville vi seie i dag. Ingen kunne oppdage det. Han var så fri i heimen som berre ein son kan vere, og han skulle kome til å overta garden som vaksen. Han trengde ikkje ein gong drive med trælarbeid for å gjere det. Og han var ikkje alltid så snill. Men ekteparet stilte opp for han i alle samanhengar. For dei hadde teke han til seg.

"Får Sonen gjort dykk frie, så vert de retteleg frie", sa Jesus. For nokre dagar sidan, så var det ein gammal mann som sa til meg. "Eg føler meg trygg framfor døden, for eg trur på Jesus og veit at dåpsnåden står fast". Han er ein som har drive mykje godt og byggjande arbeid på i samfunn og kyrkjelyd. Han er ein som har lagt vekt på dei gamle verdiane. Men likevel visste han at verken tradisjonar eller trælarbeid er nok. Nok vart det først då han kunne sjå at Jesus hadde teke han til seg. Og at han kunne kvile i Jesu ord.

Geir Sørebø