20.søndag etter pinse

Joh 9,1-7.35b-38

FRÅ SKULDA SITT MØRKE TIL TRUA SITT LJOS

Nokre timar før dette vart skrive, styrta eit fly på Vestlandet. Media er alt fylt av spørsmålet: "Kven hadde skulda?" Dette spørsmålet møter oss i mange variantar i ulike tragiske livssituasjonar. Spørsmålet må stillast av etterforskarar, men har liten terapeutisk kraft ovafor menneske som treng hjelp i ei livskrise. Ja, spørsmålet kan kome til å gjere ein vanskeleg situasjon enno meir fastlåst. I bibelteksten i dag vert dette spørsmålet avvist, og det vert demonstrert ein veg til fornying av eit vanskeleg liv. Guds fornying av menneske går gjennom desse trinna:

1. Møte Jesus

Ein gong i mine studentdagar opplevde eg å verte sjuk. Det vil seie eg trudde at eg var sjuk. Eg hadde vondt i hovudet, i magen og i brystet. Og gjekk til lege. Legen tok ein del prøver. Prøvene var ikkje urovekkjande, men likevel ikkje heilt i orden, så eg vart sendt til ein spesialist, som så sende meg vidare til ein annan spesialist. Nye prøver vart tekne og eg følte meg meir og meir dårleg og deprimert. Eg forstod ikkje kva som feila meg. Veker og månader gjekk utan forandring. Eg trudde eg var døden nær. Då tenkte eg: Eg må snakke med eit menneske som eg har absolutt tillit til. Eg kom til å tenkje på ein professor i medisin på eitt av dei store sjukehusa i Oslo. Eg kjende han litt frå før, så eg ringde og forklåra situasjonen. Han inviterte meg til kontoret sitt dagen etterpå. Det vart eit kort møte som skapte ei stor forandring. Etter ei kort undersøking, sa han: "Du er frisk som ein fisk. Det feilar deg ingen ting. Gå heim og gløym at du har følt deg dårleg". Eg følte meg momentant betre. Eg vart kommandert frisk. Eit lite møte med eit anna menneske hadde forandra livet mitt.

Dette har mange menneske opplevd på ulike måtar. Ikkje minst den blindfødde ved Siloa-dammen. Eit lite møte med Jesus forandra livet hans radikalt. Ein fastlåst situasjon vart brått endra. Livet hadde fått nye dimensjonar. Eit møte med ein annan person gjer alltid noko med oss. Positivt eller negativt. Møtet påverkar oss mykje eller lite. Når den andre personen er Jesus, vert endringa djuptgåande, som frå mørke til ljos. "Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda" (v.5).

2. Sjå Jesus

Det vert fortalt at det var i ein dansk kyrkjelyd ein gong at dei hadde ein prest som søndag etter søndag heldt dårlege preiker. Preiker om ver og vind utan særleg bibelsk substans. Ein dag han kom opp på preikestolen låg der ein liten lapp med desse orda frå Johannesevangeliet (12,21) "Vi ville gjerne få sjå Jesus." Presten tok orda til seg. Han gjekk heim den dagen og skjøna han måtte begynne på nytt. Med bibelstudium, med innleving i det sentrale og vesentlege. Det vart ein ny tone i preikene hans. Ei ny glede. Og ein søndag han kom opp på preikestolen låg der ein ny lapp. Eit nytt vers frå Johannesevangeliet (20,20) "Læresveinane vart glade då dei såg Herren".

Var det ikkje det same som hende med den blindfødde vi les om i teksten i dag. Han fekk oppleve ei jublande glede over å sjå. Sjå naturen. Sjå lyset. Sjå vener og slektningar. Men det første han fekk sjå var visst Jesus. Han gjekk og vaska seg i dammen og då han kom attende til Jesus, står det, kunne han sjå. Han kunne sjå kven Jesus var, mannen som hadde hjelpt han. Og no såg og forstod han meir enn alle dei andre. Han såg at denne mannen var frå Gud (v.33).

3. Tru Jesus

Eg kjenner ein dyktig professor. Han veit mangt om mykje. Også om bilar. Fleire gonger har vi sete saman og diskutert bilmerke og tekniske finessar i bilmotoren. Han veit langt meir om dette enn eg. Det er berre ein ting som manglar han. Han manglar det vesentlege. Han har ikkje sertifikat. Mange menneske veit mykje om kristendom. Dei har hatt lese mykje. Hatt ei kristen oppseding. Dei har hatt kristendom i skulen. Dei følgjer med i det som hender i kyrkja. Og likevel er mange som professoren. Dei manglar det vesentlege. Det som gjer at kunnskapen skal verte til praksis og liv. Dei manglar å gje livet over til Jesus. Dei manglar tru.

Den blindfødde møtte Jesus. Han fekk sjå Jesus. Han vart hardt utfordra i det praktiske liv. Og vart konfrontert med dette spørsmålet: Trur du på Menneskesonen? Hadde han kome Meisteren så nær, hadde han fått sjå han, lære han å kjenne - og så likevel gått glipp av det vesentlegaste? Nei, han hadde ikkje det. Han kunne seie dei forløysande orda: "Eg trur, Herre" (v.38).

Ein italiensk illustrasjon frå det 11. hundreåret framsteller Siloa-dammen der den blindfødde vaska seg, som ein døypefont. Ei fin understrekinga at det er der den omveltinga i menneskelivet tek til som byrjar med eit møte med Jesus, som så gjev det glade syn for Jesus og til sist den trygge tru på Jesus.

Geir Sørebø