IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

20. søndag etter Pinse

Joh 9:1-7,35b-38

I PREIKA

Eg lar meg lett fascinere av underforteljingane. Tenk at Jesus kan gjere kvardagen og livet annleis for dei han møter! Denne gongen er det ein blind som får sjå!!

Korleis er det å vere blind? Mange i Norge kan svare på det, og kanskje de kunne invitere ein av desse spesielt til denne gudstenesta for å fortelje korleis det er å vere blind?? Langt fleire veit ikkje korleis det er å vere blind – me ser riktig så godt med auga våre. La kyrkjelyden få prøve å førestille seg korleis det kan vere å vere blind (sjølv om det bare blir for ei lita stund). Be alle om å late att augo. Slik er det å ikkje kunne sjå. Kanskje kan du ha med nokre ting å kjenne på eller lydar å lytte til?? For å finne ut kva det er må ein nytte andre sansar enn synet.

Den mannen som Jesus møtte kunne ikkje sjå. Han hadde bruk for hjelp til mange ting. Så møtte han Jesus. Opplevde noko rart. Etter at han hadde vaska av seg gjørma Jesus hadde smurt på augo hans: KUNNE HAN SJÅ!!! Det må ha vore både fantastisk og skummelt på ein gong, for ein som aldri har sett korleis venner, foreldre, tre og hus ser ut.

Seinare på dagen møttest dei igjen, og mannen kunne takke Jesus for det han hadde gjort for han – og byrje å tru på Jesus.

Dersom det er større barn der er det fint å kunne snakke om kvifor nokre blir sjuke eller handikappa. I mange år, heilt fram til vår tid, tenkte ein lett at det måtte vere fordi nokon – den sjuke sjølv eller foreldra – som hadde gjort noko som dei vart straffa for. Berre høyr på læresveinane sitt spørsmål til Jesus. Kanskje tenker me slik framleis?? Da er det dobbelt vanskeleg å vere sjuk! Eg er glad for at Jesus seier at det ikkje er slik det heng saman…

EI SALME

Barnesalmeboka nr 171: Her er mitt øre

LITURGI

Drama: Lag eit drama under tekstlesing eller i staden for tekstlesinga. Bruk gjerne mange roller, sjølv om det eigentleg er bruk for fleire enn den blinde mannen, Jesus og ein repr. for læresveinane.

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J