7. søndag etter pinse
Jos 24,19-24

EIT LIV I FRIDOM

Josva var mannen som førte folket over Jordan og inn i det lova landet. Målet for den strevsame vandringa i øydemarka var nådd. Men dermed var ikkje alle vanskar borte for godt. I landet var mange freistingar som ville føre folket bort frå den Gud som hadde berga dei gjennom øydemarka sine fårar. Nye gudar lokka med sine tilbod. Folket hadde nådd målet, men likevel var det mykje som vanta på eit fullkoment liv med Gud.

Slik føregrip på ein måte israelsfolket her på ein måte det kristne livet. Den som er døypt og lever i tru, lever også i spenninga mellom å ha nådd målet og enno ikkje vere ferdig det som vil øydeleggje Guds-forholdet. Josva sin strategi for eit godt liv med Gud, kan nok stadig vere ei rettesnor for eit harmonisk kristenliv. Den kan samlast i tre ord.

  1. Velje
  2. Eg opplever det kvar søndag det er nattverd i kyrkja. Eg plar alltid ta med innbydinga: "Sæle er dei som får sitja til bords i Guds rike. Kom! For alt er gjort ferdig!" Då får den einskilde i kyrkjebenkene eit val. Gud har gjort alt ferdig. Invitasjonen frå han har gått ut. Men den einskilde sin vilje vert ikkje sett til sides. Kvart menneske har sitt frie val. Skal eg gå til nattverdsbordet og ta imot. Skal eg gå til kyrkja i dag. Skal eg slå på radioen når morgonandakten kjem. Skal eg be kveldsbøn. Skal eg innrette livet mitt etter dei rettesnorer som Jesus gjev. Vala er mange. Truleg er det sunt og godt i kristenlivet å kunne gjere tydelege val. Josva sytte for at folket vart sett på eit tydeleg val. Det kan vi lese om i Josva 24. Og då dei hadde klargjort sitt val, sa Josva: "Så er de vitne mot dykk sjølve at de har valt Herren og vil tena Han".

  3. Tene
  4. Eg hugsar godt den gongen eg hadde vorte tilsett i min første stilling at ein mann kom og spurde meg: "Ja, kor mykje tener du no då?" Og sant å seie så vert jo dette spørsmålet stilt rutinemessig kvar gong dei fleste av oss byrjar i ei ny stilling. Kanskje er til og med fagforeininga engasjert for å kunne passe på at eg tener så mykje som råd er. Kor mykje tener eg, er eit heilt legitimt spørsmål.

    Ein reflekterer ofte mindre over kven det er eg tener. Kven er det eg gjev mi arbeidskraft og mine evner? Kven er det som skal ha æra av det arbeidet eg gjer. Er dette likegyldig dersom eg berre tener nok? Herren vår Gud vil vi tena, svara israelsfolket Josva. Det ville ikkje seie at dei skulle ha si inntekt direkte frå Gud eller det gudstenestelege liv. Men det ville seie at heile livet deira skulle vere innretta mot Gud, mot hans vilje og mot hans invitasjon til fellesskap. Eller med andre ord: Livet skulle vere innretta på å lyde Herren

  5. Lyde

Ein gong eg skulle møte eit ungt par i ein dåpssamtale, vart eg møtte med følgjande velkomst frå mannen då eg kom inn i stova deira: "Ja, no vonar eg at du ikkje er ein av desse gammaldagse prestane". Eg skjøna etter kva han var oppteken av. Dei to var ikkje gifte, dei hadde fått barn, og han frykta for at eg ville antyde at det ikkje var heilt kurant at dei budde saman utan å ha planar om å gifte seg.

Ofte er vi ikkje så bevisste på kven og kva vi lyder. Moderne menneske er opptekne av å vere sjølvstendige og frie og tenkjer kanskje at dei ikkje skal lyde andre enn sin eigen fornuft. Dette er nok ein illusjon. Moderne menneske vert i stor grad styrde av media, av reklame, av folkemeininga, av motar, av marknadskrefter som vil tene på dei. Når folket kunngjorde for Josva: "Hans ord vil vi lyda", så var det ei bevisstgjering og eigenteleg i frigjering i høve til alle andre krefter. Det er ikkje mindre frigjerande å kunne seie i dag: Guds ord vil eg lyde.

Josva-namnet og Jesus-namnet spring eigentleg ut av same rot. Meininga bak namnet er at Herren frelser. Både Josva og Jesus vil føre folket til den frigjering som ligg i å velje, tene og lyde Herren.

Geir Sørebø