11. søndag etter pinse

Jer 18,1-10

HAN SOM KAN NYSKAPE ALT

Mange av oss kjenner julepresangvisa til Alv Prøysen om vesle Jensemann som skulle lage eit sybord til mor på sløyden. Snekringa gjekk ikkje heilt etter planen og etter mykje saging og høvling så enda det heile opp med ei spekefjøl som mor kunne smørje skulematen på. Mange av oss som har drive med snekring og handarbeid kjenner oss sikkert igjen. Ja, alle som har prøve å byggje eller skape noko har gjort liknande erfaringar anten produktet skulle vere materielt eller åndeleg. Ja, kan det til og med tenkjast at Gud har gjort denne erfaringa - eller er Gud heilt annleis? Teksten vår seier tre ting om dette:

1. Også Gud har opplevd å mislukkast

Då eg var gymnasiast, hadde eg mange ambisiøse idear. Ein av dei var å konstruere Perpetuum mobile - "evighetsmaskina" som skulle gå og gå i det uendelege utan å stanse og utan å tilførast ny energi. Eg presenterte ein konstruksjonsteikning i skuleavisa, men det var ikkje vanskeleg for fysikklæraren å påvise at det var ein mangel med konstruksjonen som dessverre ville medføre at maskineriet fort ville stanse opp.

Gud hadde ein ambisiøs ide om å skape ei verd der alt var godt. Mennesket skulle vere kruna på verket. Det som hende var at vondskapen tok overhand, og Gud angra på det han hadde gjort (1 Mos 6,6). Deretter valde Herren ut Israel som sitt eige folk og gjorde ei pakt med folket, men atter gjekk det gale då folket svikta Herren og valde andre gudar (Jer 2). Dette er noko av det underlegaste vi les i Bibelen - at Gud har ein ide som tilsynelatande vert mislukka. Også i Jer 18 tek profeten utgangspunkt i ei mislykka handling når han talar om Gud.

2. Gud har makt til å fornye alt som vart mislukka

Eg kjøpte for litt sidan ein etter måten ny bruktbil. Han skulle vere skadefri. Men straks han kom ut i godt sollys, såg eg tydeleg at den eine skjermen hadde ein litt anna fargenyanse enn resten av bilen. Han var oppattlakka. Altså hadde der vore ein skade. Alle reparasjonar i denne verda vil ha sine begrensingar. Men når pottemakaren formar om att den blaute leira, vert sluttproduktet heilt nytt og har ingen spor etter det første utkastet. Tenk at Gud kan byrje om att med det som vart mislukka og nyskape det på ein slik måte at ingen spor finst etter det gamle! Det nye vert slik han vil ha det (v.4; Rom 9,21) Er det ikkje dette Paulus skriv om når han seier at "difor, om nokon er i Kristus, då er han ein ny skapning" (2 Kor 5,17).

3. Gud treng tilslutnad frå oss

Når det kjem til stykket, så er det kanskje likevel noko som haltar med Jeremias sin flotte illustrasjon om krusmakaren. Det er ikkje fullt samsvar mellom biletet og versa som kjem etterpå. Leira let seg passivt forme. Men folket er ofte stridig og vil ikkje late seg forme. "Men gjer dei då det som er vondt i mine auge ... då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei" (v.10) Også Jesus måtte seie: "Eg ville samle borna dine ... med de ville ikkje!" (Luk 13,34). Gud treng tilslutnad frå oss for å kunne nyskape oss. Ein dag skal himmel og jord verte nyskapte, heilt perfekt (Op 21,5). Men skal vi vere med i denne nyskapinga der ingen smerte lenger finst, så krev det tilslutnad frå oss.

Vesle Jensemann sitt store prosjekt enda med ei ynkeleg spekefjøl. Han var tydelegvis ein nybyrjar i snekkarfaget. Guds store skaparprosjekt skal ikkje ende som eit minimumsutkast i høve til det han hadde tenkt. Krusmakaren enda ikkje opp med eit fat då han hadde tenkt å lage ei krukke. Sluttresultatet skal verte akkurat like perfekt som Guds første tanke. Men for kvar av oss er det naudsynt med trua sin tilslutnad til Jesus sitt frelsarverk om vi skal verte ein del av denne store nyskapinga.

Geir Sørebø