Nyårsaftan

Jer 29,11

GUDS FRAMTIDSTANKAR

Den store russiske diktaren Leo Tolstoj har skrive at alt tek til med tanken. Tanken er alle tings opphav, seier han. Dette er ei erfaring som sikkert mange av oss har erfart i vårt eige liv. Noko som byrja som ein tanke hjå oss, vart seinare ein realitet. På dørstokken til eit nytt tusenår, er det naturleg å stanse opp og spørje: Kva tenkjer vi om framtida? For eit stykke på veg er vår tanke med på å forme framtida. Enno meir avgjerande er det å spørje: Korleis tenkjer Gud om framtida? For dersom vår tanke formar framtida, kor mykje meir gjer så ikkje Guds tanke det. Slik Gud tenkjer, slik vert det. Teksten som er vald for nyårsaftan, gjev oss eit lite glimt inn i Guds tankeverd. Tre ting som gjeld Guds folk er framme i Guds tankeverd:

1. Fred for folket

Vårt land har vel så langt i historia ikkje opplevd noko århundre utan at landet på ein eller annan måte var involvert i krig. Ikkje minst har den siste verdskrigen i dette hundreåret sett sine spor.

Då Bergens Tidende før jul 99 etter ei av avrøysting mellom lesarane kåra dette hundreåret sitt namn på Vestlandet, så var det Shetlands-Larsen som gjekk av med sigeren. Ein av hovudaktørane under krigen. Og enno har vårt land trass alt tilhøyrt ein fredeleg plett i denne verda. Historia har lært oss at krigane kjem attende stadig vekk. Og dermed vil vi naturleg frykte eit nytt hundreår og eit nytt tusenår. Kva kan ikkje kome av forferdelege krigar. Då er det trøysterikt å vende blikket til Guds ord og høyre at Gud tenkjer annleis om framtida. "Eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar".

2. Trygg framtid for folket

Eg har no rett før årsskiftet hatt ein samtale med eit foreldrepar som mista sitt nyfødde barn berre nokre timar etter fødselen. Eit liv som akkurat hadde teke til var slutt. Også gravferda vert før årskiftet. Framtidsplanane for barnet måtte avsluttast før dei var utforma. Barnet fekk ikkje sjå inn i neste år tusen. "Det er bra vi ikkje kjenner framtida", kan vi kome til å seie. I den utsegna ligg det gøymd ein frykt for at framtida ikkje skal vere så god. Det er så mangt som kan hende som legg våre planar i grus. I kontrast til vår frykt står det profetiske ordet i Bibelteksten vår som ber fram Herrens tanke: "Eg vil gje dykk framtid". Gjennom heile Bibelen møter vi denne tanken at framtida er i Guds hand. "I di hand er mine tider" (Sal 31,16) og når Gud finn at tida eg mogen, grip han inn: "Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova" (Gal 4,4). Og ingen annan kraft enn han kan setje sluttstrek for vår verd: "Men den dagen eller timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen (Mark 13,32). Uansett erfaringar vi har gjort i denne verda, ja, uansett tap og død, så ligg framtida trygt i Guds hand.

3. Von for folket

Eit raskt robotsøk etter ordet "håp" på Internett viser at ordet først og fremst er knytt til vanskelege livssituasjonar som flyktningeliv, konfliktar, rusmisbruk, forureining, sjukdom. Ordet håp viser då at det er meir eller mindre sannsynleg at situasjonen vert betre. Det var ein mann som hadde kreft. Etter ei tids behandling og sjukhusopphald døydde han. Då eg snakka med familien etterpå, sa dei: "Det var ikkje lenge han levde etter at han miste håpet". Det kan verte umogeleg å leve dersom vi har mista vona. Då er det godt å høyre på terskelen til eit nytt tusenår at Gud seier: "Eg vil gje dykk von". Og Paulus stadfestar at dette er eit trekk ved Gud. Gud er den som gjev von (Rom 15,13).

I følgje teksten vår denne dagen så er Guds tanke slik at han vil gje fred, framtid og von. Dette vart sagt til Israel fleire hundre år før Kristus. Kan vi då ta desse orda til oss i dag? Ja, for det store namnet i verda dei siste to tusen åra har vore Jesus. Han kom som fredsfyrsten (Jes 9,6) som gav læresveinane fred i avskilsgåve (Joh 14,27) og lova å vere med oss som trur på han alle dagar så lenge verda står (Matt 28,20). I dette namnet vil verda i eit nytt tusenår finne framtid, finne fred, ja, finne si rette von.

Geir Sørebø