18. søndag etter pinse

Jer 6,16-20

DEI GAMLE STIGANE FØRER TIL MÅLET

Då eg studerte var det ein gammal professor som sa noko eg aldri har gløymt: "Einskilde menneske har godt utvikla intelligens på den måten at dei veit å dra nytte av andre menneske sine erfaringar og råd". Dette må vere livsviktig i kristenlivet. For er vi ikkje i stand til å byggje på forfedrene sine erfaringar og profetar, apostlar og medkristne sine råd, då misser vi grunnen å stå på. Teksten for denne søndagen viser det. Teksten talar om:

1. Historia sin lærdom

Eg har ein liten gard i ein trong Vestlands-dal med ville fjell omkring. I mange år har eg gått og grubla på om det går an å komme opp på høgfjellet på austsida av dalen utan å gå den lange omvegen som fotfolket vanlegvis nytta. Fjellsida ser nokså loddrett og uframkommeleg ut, men eg hadde høyrt rykte frå eldre folk om at ein plass skulle det gå ein framkommeleg stig. Etter å ha spurt ut dei eldste i bygda tok eg ut saman med ein nabo i sommar. Og utruleg nok. På kryss og tvers gjennom skårane fann vi ein gammal stig. Mange stader var det hundrevis av meter utfor stupa, men stigen var god å gå på. No har vi funne ein snarveg til fjells. Og han er raudmerka for andre fotturistar. Det nyttar å spørje etter dei gamle stigane. Dei gamle stigane til fjells og dei gamle stigane gjennom livet. Israel hadde fått vist ein stig gjennom øydemarka og fram til det gode landet. Det var stigen som var merka av Herren. Kyrkja har fått ein stig til himmelen. Det er den stigen som er merka av Jesus Kristus. Raudmerka med hans blod. Slik er historia sin lærdom. Den frelseshistorie som møter gjennom i Bibelen og kyrkja sine erfaringar. "Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode!" (v.16)

2. Leiarane si formaning

I går kveld etter butikkstengetid køyrde kveld eg forbi ein butikk der ein utvendig alarm var utløyst og det blinka ei blå lampe på veggen. Det gjekk ikkje mange minuttane før eigarane kom i ein bil for å sjekke om det var innbrotsmenn på ferde.

"Lyd etter når hornet ljomar!", skriv Jeremias (v.17). Gud har alltid passa på å setje ut alarmar for sitt folk. I den gamaltestamentlege tid ropa profetane kraftig varsku til folket når folket gjekk på ville vegar og når fienden trua. Paulus sine brev inneheld avsnitt med åtvaringar mot vranglære og ugudeleg liv og formaningar til omvendig og heilag vandel. Når ein prest vert ordinert i Den norske kyrkja, seier biskopen til han: "Eg pålegg og formanar deg at du trufast rettleier og formanar til sann omvending, levande tru på Kristus og eit heilagt liv i kjærleik til Gud og nesten". Det har alltid vore ei viktig oppgåve for Guds folk sine leiarar å formane og åtvare mot fårar som truar kyrkjelyden. Gud har alltid sett opp alarmar.

3. Konsekvensar av eit eigenrådig liv

Det var ein liten gut på tre år som ville ut og leike i den nye snøen som hadde falle, men som ikkje ville ha på seg dei vottane som mor hans hadde funne fram. Etter ei stund kom han gråtande til mor fordi han fraus på hendene. Då var det freistande for mor å seie: "Ja, men du kunne høyrt på kva eg sa!".

I gjennom heile det gamle testamentet er dette eit attendevendande tema. Gud har gjeve folket rettleiing gjennom sine profetar, men så vert konklusjonen: "dei høyrde ikkje på mine ord og dei vanvørde mi lov" (v.19) og difor er konsekvensen at det kjem ulykke over folket. Og Jesus summerer det heile opp når han seier: "Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje"(Matt 23,37). Konsekvensane av eit eigenrådig liv kan verte katastrofale.

Det er viktig å vere sjølvstendig i livet og kunne stå på eigne bein. Men dersom vi ikkje berre vert sjølvstendige, men eigenrådige på den måten at vi ikkje kan byggje på bibelhistoria sin lærdom og profetar og apostlar si rettleiing, då misser vi den faste grunn og stå på. Dei gamle stigane har ført mange menneske før oss til målet. Det er derfor stigen ligg nett der han ligg.

Geir Sørebø