Maria bodskaps dag

Luk 1,26-38

AVE MARIA!

For ein del år sidan sat eg i samtale med eit par som skulle gifte seg. Eg spurde om dei hadde ønskje om salmar som skulle syngjast i kyrkja under vigsla. Brudgommen svara at dei var diverre ikkje så godt kjende verken i Bibel eller salmebok, så han kunne ikkje komme på nokon eigna salme. "Forresten", sa han, "er det ikkje ein salme som heiter Ave Maria - kan den nyttast"? I febrilsk grubling etter noko bibelsk-kristeleg, stansa tanken hans altså ved desse to orda frå søndagens bibeltekst - Ave Maria. Desse to orda høyrer vel til dei aller mest nytta orda i den kristne verda opp gjennom historia. Det er dei to første orda i engelen Gabriel sin tale til Maria (v.28). Dei står der som innleiinga til underet. Underet som syner seg på tre måtar:

1. Underet Jesus

Eg hugsar enno eit besøk i Nasaret for nokre år sidan. I første omgang var eg litt vonbroten. Ein heilt alminneleg liten landsby oppe på eit høgdedrag. Tomme oljefat låg slengde langs vegen utafor byen, bakgatene inne i byen var fulle av søppel og i hovudgatene møtte du folk som ville tene pengar på deg ved alle slags unyttige varer og souvenirar. Det slo meg: Dette ville ha vore ein heilt ubetydeleg, anonym plass på denne jorda om det ikkje var fordi engelen Gabriel hadde vorte sendt hit. "Kan det koma noko godt frå Nasaret?" spurde Natanael.(Joh 1,46) då han seinare vart kalla til å følgje Jesus. Men slik er jo underet Jesus. Gud vert sameint med det menneskelege. og då ikkje med det ypperste av det menneskelege. Tvert om, med det minst betydelege av det menneskelege. Ikkje med det rike og fyrstelege, men med det som kom frå Nasaret. Slik ville han fornedre seg sjølv. Underet Jesus.

2. Underet Maria

Ei av dei gamle kyrkjeklokkene i Kyrkjebø kyrkje ber denne innskrifta: Ave Maria gratia plena. "Ver helsa, Maria, du som er full av nåde!" Men sjølv om det har heitt slik på latin i mange århundre, så må vi spørje om dette er rett forståing av v.28. Maria er ikkje full av nåde, men ho er den som har fått nåde, slik vår norske bibelomsetjing seier. Underet med Maria er ikkje at ho var slikt eit praktfullt menneske som stråla ut nåde, men at ho som eit heilt alminneleg syndig menneske i Nasaret fekk Guds nåde og så var viljug til å gjere nådens gjerning. At ho utan å kunne forstå eller å ha nokon ibuande menneskeleg kvalitet som vart tilstrekkeleg for oppgåva, var viljug til å seie: "Eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt". Dette er underet Maria.

3. Underet i våre liv

Ei av dei finaste opplevingane eg har hatt som prest, hadde eg på eit sjukehus. Under eit besøk på eit sjukerom, var det ein for meg ukjent mann som ropa på meg og bad meg kome bort til senga. "Eg vil gjerne fortelje deg noko", sa han. "For nokre år sidan var eg innom ei gudsteneste der du forretta. Eg var fadder i ein dåp. Du tala om engelen som kom til Maria, og korleis Maria som eit heilt vanleg menneske var viljug til å ta imot Jesus. Då eg høyrde det, tenkte eg: Då går det an for meg også å ta imot Jesus. Livet mitt vart annleis frå den dagen. Nokre månader etterpå viste det seg at eg hadde kreft, og no veit eg at eg ikkje kjem til å overleve. Men eg er ikkje redd for å døy lenger, for eg har ein Frelsar som er min". Dette er underet i våre liv. Jesus kan verte fødd i våre hjarte og gje oss nytt liv.

Vi må gjerne både seie og syngje Ave Maria. Ver helsa Maria! Ikkje fordi Maria gav oss nåden. Men fordi Jesus gav oss nåden og fordi Maria viste oss at nåden gjeld for heilt vanlege menneske. Gjeld på ein slik måte at Jesus kan verte fødd i hjarto våre, og at vi skal få bere han ut vi verda til frelse for stadig nye menneske. Måtte vi lære å seie: Eg er Herrens tenar. Lat det gå meg som du har sagt. Ave Maria!

Geir Sørebø