Maria Bodskapsdag
Luk 1,46-55

MARIA - MOR TIL DET NYE LIVET
Denne søndagen er det morsdag. Morsdag i kyrkja. Dagen har namn etter ei heilt spesiell mor. Maria. Ho vart den av alle menneska på jorda som vart utpeika til å verte mor til Jesus.
På Maria bodskapsdag er det ca. ni månader til julaftan. Og ut frå ordlyden i Lukas-evangeliet, så var det ikkje mange dagar etter møtet med engelen at Maria song den lovsongen som søndagsteksten er henta frå. Lat oss stanse ved tre sitat frå den lovsongen:

1. "Han har sett til si ringe tenestekvinne"

Ofte har dei kristne sett på Maria som ei dronning. Ja, ein har bedt til henne som til Gud sjølv. På ei vitjing eg var i Romania la eg merke til at bussjåføren hadde eit bilete av Maria hengande framfor seg. Han forklarte meg litt brydd at det var fordi han tykte det var tryggare å køyre i trafikken når han kunne sjå på Maria og be til Maria. Men det er ikkje slik Bibelen talar om Maria. Maria omtalar seg sjølv som ei ring tenestekvinne. Det som var det spesielle med henne var at Gud hadde sett til henne og møtt henne på ein spesiell måte. Ein kveld var det i Dagsrevyen intervju med to damer som hadde fått kvar sin baby. Det var to heilt vanleg kvinner. Det var ingen grunn til å intervjue dei på fjernsynet. Hadde det ikkje vore fordi at dei hadde fått vitjing av dronninga på fødeklinikken. Då vart desse to damene også interessante. Maria var ei vanleg kvinne. Det som har gjort henne så kjent for all ettertid var at ho fekk besøk av Gud på ein heilt uvanleg måte. Han har sett til si ringe tenestekvinne, sa Maria.

2. "Store ting har han gjort mot meg"

Det var ein mann som kjøpte ein gard. Eigentleg sette han seg i alt for stor gjeld. For det var også hus som måtte vølast på - og det var dyr reiskap som måtte skaffast. Men han såg lyst på framtida for eit eldre velståande ektepar utan livsarvingar og som kjende han godt hadde sagt til han: "Du kan rekne med å få ein større sum når vi set opp vårt testamente". Mannen levde på denne lovnaden som om testamentsarven alt skulle vore motteken.

Store ting har han gjort mot meg, sa Maria. Det var ifølgje Lukas berre nokre dagar etter englevitjinga. Truleg kunne Maria ikkje på nokon fysisk måte registrere at ho var gravid. Ho hadde berre Guds lovnad å halde seg til. Men for henne var Guds lovnad likeverdig med ei utført handling.

Slik vil det til ei kvar tid vere med den som trur. Det er nett dette som er å tru, å sjå Guds lovnad til oss som ei handling som alt er fullført med oss.
Derfor skal vi også kunne seie når vi les om Guds lovnader til oss: "Store ting har han gjort mot meg"

3. "Hans miskunn varer frå ætt til ætt"

Det var ein professor i teologi som låg for døden. Han fekk vitjing av ein ven som også var teolog. Han las dette bibelordet for den sjuke: "Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid" (Hebr 13,8). Då eg høyrde dette, tenkte eg: Dette var då ei mager trøyst. Seinare har eg fått sjå at dette er eit fantastisk bibelord. Tenk Maria sitt barn, Menneskesonen som lækte og tilgav, den krossfeste og oppstadne frelsar, Sonen ved Faderens høgre hand - han er til ei kvar tid den same. Og difor er det den same Kristus som skal fødast i mitt hjarta som han Maria fekk bere. Maria og eg er under den same nåde. Hans miskunn varer frå ætt til ætt.

Eg har eit spesielt minne knytt til Lukas 1: Som teologisk student fekk eg tale i ei kyrkje under ei gudsteneste på Maria bodskapsdag. Eg tykte teksten var vanskeleg. Men eg prøve å få fram det fantastiske at Gud let seg føde til verda av ei ung jente i Nasaret. Nokre år seinare var det ein ukjend mann som låg i ei sjukehusseng som vinka på meg. "Eg veit at du ikkje kjenner meg", sa han, "men eg var i ei kyrkje for nokre år sidan der du tala om Maria. Eg var komen til kyrkja den dagen i eit dåpsfølgje. Den dagen vart livet mitt forandra. Då eg høyrde det du sa, så tenkte eg: Kunne Gud kome inn i Maria sitt liv, kan han også kome inn mitt liv. Noko seinare vart eg alvorleg sjuk. No har eg ikkje lenge att å leve, men eg er ikkje så redd for døy, for eg funne livet i Jesus". - Ja, sanneleg: Hans miskunn varer frå ætt til ætt, fordi Maria kunne verte mor til det nye livet.

Geir Sørebø