IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

Maria bodskapsdag

Luk 1:46-55

I PREIKA

Ein kvit dag midt i alt det lilla. Denne dagen gjev grunn til både undring og jubel. Maria sine ord kan virke nokre nummer for store for dei små. Men kanskje me ikkje skal bytte dei ut med historia om engelen som kjem og besøker Maria og fortel at ho skal bli mor til Jesus denne gangen (rekke 1)?? For sjølv om det kan vere mange vanskelege ord og vendingar her – så er Maria sin lovsong ein takk til Gud for at han ser, også dei sm充

Sett gjerne lovsongen inn i ein samanheng. Fortel om engelen som kom til Maria, fortel om Maria som drar til Elisabeth og om barnet som Elisabeth har i magen. Eg har bruka rollespelet med Maria og Elisabeth frå 2000årsjubileet med stort hell fleire gongar. Kvifor jubla Maria? Kva var det ho hadde skjønna? Skulle ho ikkje heller ha vore redd for det store ansvaret som vart lagt på henne?? Maria fekk erfare at det var bruk for ei som ho. Maria fekk erfare at Gud gav små menneske store oppgåver! Maria visste at Gud ville vere med i tida framover.

9 månader til jul! Rett før me skal følgje Jesus den tunge vegen til Jerusalem. Rett før liding, kross og grav skal vi få juble i lag med Maria for AT Gud gav oss Jesus. For at han vart fødd midt i mellom oss – for at han synte oss at Gud ville han noko med menneska å gjere. Slik han vil det framleis i dag!

Så får orda heller vere store og viktige, både for barn og vaksne. Det er godt nokre gongar å ha noko å undre seg over - og strekke seg mot…..

EI SALME

Norsk salmebok nr. 119: Vi synger med Maria

LITURGI

Gloria: Finnast det eit kor som kan vere med? Denne søndagen kler me oss i den glade kvite farga – kjempeflott å løfte gudstenesta med fullstendig gloria. 9 månader til jul!

Guds signing!

Anne Berit Sunde J