17. mai

Luk 1,50-53

GUDS MISKUNN VARER

Eg har alltid lika å blåse såpeboblar. Såpeboblar er så flotte. Eg hugsa at då eg var liten, så kunne eg stå på tunet heime og blåse såpeboblar i vinden. Då for dei over taket. Men ikkje så langt, for snart sprakk dei. Såpeboblar varer ikkje. Dei har ei levetid på kanskje toppen eitt minutt. Såpeboblane er eigentleg ein fin illustrasjon på alt rundt oss. Der ingen ting som varer.

Bibelteksten si påstand på 17. mai er at det er ei sak som er meir varig enn noko anna, og det er Guds miskunn. Miskunn er eit vanskeleg ord. Guds miskunn vert i denne teksten gjeve innhald gjennom tre påstandar:

  1. Gud har gjort storverk
  2. Det er mange herskarar på jorda som har streva for å gjere storverk. Den romerske keisaren Nero, sette i år 64 fyr på Roma fordi han ville byggje byen opp att som eit monument over seg sjølv. Brannen øydela 10 av 14 bydelar. Dei kristne fekk skulda for brannen. I ettertid har dette vorte sett på som ein herskar sine perspektivlause hovmodstankar. Det er mange slike døme i historia. Døme på herskarar som ville byggje noko ekstraordinært stort, men som eigentleg la eit grunnlag for forfall. I kontrast til menneske sine hovmodstankar, set teksten Guds storverk. Elias Blix har si tolking av dette i fedrelandssalmen der hans skriv: "Vårt heimland i mørker lenge låg,/ og vankunna ljoset gøymde./ Men Gud, du i nåde til oss såg,/din kjærleik oss ikkje gløymde./Du sende ditt ord til Noregs fjell,/og ljos over landet strøymde." Guds storverk er altså her han sende ordet sitt til landet, og landet fekk derfor fred og vokster. Eit utslag av Guds miskunn.

  3. Gud har lyft opp dei låge
  4. Eg var ein tur i Italia våren 2003 og der såg eg noko eg aldri vil gløyme. Rett utafor byen Assisi ligg det ei kyrkje der det rett utafor kyrkja er ei staute av Frans av Assisi. Den fattige munken som starta fransiskarnarordenen. Statua var laga slik at han stod og held fram ei korg. Men oppi den korga låg det ei lys levande kvit due på eit reir. Ei fredsdue. Tusenvis av menneske som gjekk forbi stansa og undra seg. Det var som om Frans framleis forkynte sin enkle fredsbodskap. Millionar av menneske kjem Frans sin by kvart år og får nye tankar om kva fred og glede er. Frans er stor i mange sine auge. "Gud har lyft opp dei låge". Mange stormenn som sat på trona, har ikkje lenger nokon appell til oss. Dei hadde ikkje varige verdiar å formidle. Gud har støytt dei ned frå trona. Kva slags ord ønskjer vi skal lyde i kyrkja på 17. mai. Er ikkje Frans av Assisi si bøn ei høveleg forbøn?

  5. Gud har metta dei svoltne

Ein gong i barndommen min hadde bøndene i den vesle veglause bygda der eg vaks opp kome saman for å skrive eit brev til styresmaktene om midlar til å gje bygda vegutløysing. Dei tykte dei måtte ta skikkeleg i for å verte høyrde, og brevet starta slik: "Det er uår i landet, og folket svelt." Så gale var det nok ikkje for 40 år sidan, men mange gonger i vår historie ville utsegna passa. Og mange vil i dag seie: Vi kan takke Gud for ei utvikling som har gjort oss mette kvar dag. Rikdom er ikkje alltid ein garanti for at alle får mat. Eg har vore i land der det er styrtrike menneske, men likevel mange som svelt. Det er naturleg å synge med Torbjørn Egner denne dagen der is og pølser er sjølvsagt for norske born: "Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død, og hjelp små barn i alle land, og gje dei dagleg brød". Guds miskunn tek sikte på å mette alle svoltne. Måtte Jesus kunne seie på den siste dag om oss alle: Eg var svolten og de gav meg mat; eg var tyrst og de gav meg drikke.

Det var ein gammal mann som eg kjende som låg på sjukehus. Ein av dei siste dagane han levde fekk ha besøk av ein kjenning. Denne kjenningen gav han ei lita helsing frå Bibelen som var slik: Jesus Kristus, er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Då eg høyrde om dette, så tenkte eg: Det var då eit merkeleg ord å lese for ei sjuk mann. Etterpå har eg forstått: Det er nødvendig å vite at det noko som varer. Guds miskunn, som vi ser i hans storverk, som vi ser når låge vert opplyft og når svoltne vert metta, men som vi ser aller tydlegast hos Jesus Kristus. Bygger vi vårt samfunn på denne grunnvollen så skal det vi gjer vare litt lenger enn ein såpeboble.

(presten kan gjerne denne dagen avslutte preika med å blåse eit par såpeboblar frå preikestolen)

Geir Sørebø