14. søndag etter pinse

Luk 10,25-37

Å SJÅ ELLER OVERSJÅ

"To be or not to be, that's the question". Slik heiter det i eitt av dei mest kjende sitata frå Shakespears Hamlet. Å vere eller ikkje vere, det er spørsmålet. Det går an å omformulere dette sitatet i møte med teksten for denne søndagen. Teksten handlar nemleg på tre måtar om den store skilnaden på det å sjå og det å oversjå:

1. Å sjå eller oversjå NESTEN - det er det første spørsmålet

Teksten om den den miskunnsame samaritanen minner meg om ein liten episode frå studietida mi i Oslo. Det var ein sein sommarkveld rundt midnatt. Eg sykla gjennom ei avsidesliggande gate borte på austkanten. Brått fekk eg auga på noko som låg i vegkanten. Då eg passerte såg eg i augnekroken at det var ein mann. Han såg bevisstlaus ut. Då eg hadde passert han, tenkte eg: Er det ikkje best å sykle vidare. Berre oversjå det heile. Eg hadde jo ingen ting med dette vilt framande menneske å gjere. Han var sikkert full. Det var berre eit tilfelle som gjorde at eg hadde lagt merke til han. Etter ein del diskusjon med meg sjølv vart det til at eg snudde og sykla attende til han og fekk kontakta ambulanse. Å sjå eller oversjå nesten - det er spørsmålet. Også for dei tre personane som Jesus fortel om som gjekk på vegen mellom Jerusalem og Jeriko.

Presten og levitten oversåg nesten - truleg hadde dei meir vesentlege ting i tankane - kanskje på veg til tenesta i templet.

Så kom det ein utlending langs vegen. Han såg mannen i grøfta. Såg han på den rette måten. Såg han slik at mannen sine sår vart hans eigne sår. Såg han slik at dei pengane han hadde med seg vart den skamslegne sine pengar. Å sjå eller oversjå vår neste, det er spørsmålet.

2. Å sjå eller oversjå seg sjølv - det er det andre spørsmålet

Det var ein som sa til meg: "Eg skulle ynskje eg heller hadde vorte fødd etter år 2000. Du verda kor spanande det kunne vore og sett korleis teknikken utviklar seg. Alt går så eventyrleg fort. Mennesket får snart til alt". Og likevel - han som verkeleg ser, han kan ikkje oversjå at nettopp i all teknikk skin det gjennom klårare enn nokon stad at vi er syndarar som aldri maktar det mest vesentlege: Å praktisere Guds kjærleik og leve etter hans vilje. Der atomteknikken er, er samstundes frykta for utsletting. Der oljerikdommane vert utvunne, er også faren for krig om ressursane. Over den elendigste flyktningeleir går dagleg fly der turistar og kresne forretningsmenn sit og pirkar kresent i røykelaks og roastbeef.

Overser vi kven vi er? Ville ikkje Jesus hjelpe den lovkunnige mannen til dette - å sjå kven han var. Ikkje berre lovkunnig og lærd. Men også ein syndar som svikta sin neste. Mannen ville gjere seg rettferdig, står det i teksten. Men oversåg han ikkje vesentlege sider ved seg sjølv ved å tru at han var rettferdig for Gud?

3. Å sjå eller oversjå Jesus - det er det tredje spørsmålet.

I USA ein stad er det ei stor koparplate. Når du står nær plata og ser ned i alle detaljane, ser du at her er landet si grunnlov nedskreven. Kjem du litt meir på avstand, ser du at på koparplata er biletet av grunnlova sin far, George Washington. I Bibelen, i kyrkja, i gudstenesta er det mange detaljar. Verdifulle detaljar. Desse kan du lett få auga på - og så likevel oversjå det vesentlege - biletet av Jesus. Den lovkunnige mannen hadde sett mange detaljar i lova. Han hadde sett kva som var det viktigaste av alle spørsmål: "Kva skal eg gjere så eg kan få evig liv?" Han var komen Jesus så nær at han snakka med han ansikt til ansikt. Likevel oversåg han Frelsaren.

Ser du biletet av Jesus? Det er der også i dagens tekst. Den miskunnsame samaritanen. Han som stansar ved eit blødande menneske, deler ut olje og vin, lyfter den sjuke opp og tek han til ein stad han kan kvile. Han som gjev av sitt eige og lovar han skal kome attende og sjå til den skamslegne. Kven andre avbildar denne samaritanen enn Jesus Kristus sjølv?

Å sjå eller oversjå - det er spørsmålet. Men vi har ikkje råd til å oversjå verken nesten, oss sjølve eller Jesus for til sist gjeld det ikkje noko mindre enn å oversjå det evige liv.

Geir Sørebø