IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA
14. søndag etter Pinse
Luk 10:25-37
I PREIKA
Denne teksten skriker etter dramatisering. Kva med å gjere midtgangen (e.l.) til vegen mellom Jerusalem og Jeriko. Mal eit bilete av korleis vegen ser ut. Mykje av vegen har bratte kantar opp, bratt nedover mot dalbotnen. Sand og grus, lite grønt. Det er om lag ei dagsreise mellom byane, når ein brukar føtene.
Dramaet kan gjerast spontant med predikanten som forteljar og vegleiar, eller innøvd på førehand med ei barnegruppe. Dersom ein velger det spontane må ein ha avtale med minst ein rolleinnehavar: mannen som fall i hendene på røvarar. Ein bør også lese teksta som vanleg før preika, og la dramaet med kommentarar utgjere preika.
EI SALME
Barnesalmeboka nr. 230 Ein mann gikk frå Jerusalem
Denne kan jo syngast under dramaet….
LITURGI
Forbøn Dersom ein har barnegrupper i kyrkjelyden kan dei vere med og skrive korte bøner, der me ber for våre medmenneske. Gjer dei så praktiske og handlingsretta som mogleg. Ein kan eventuelt også bruke konfirmantgrupper eller søsken til dåpsbarn. Alternativ: bruk "Eg faldar mine hender små" som sunge forbøn. (Norsk Salmebok nr. 726/725).
Anne Berit J