16. søndag etter pinse

Luk 10,38-42

Lynkurs i kristendom

På skrivebordet mitt ligg ei tjukk engelsk bok med innføring i eit dataprogram. Eg kjem sikkert aldri til å kome gjennom den boka. Men framme i boka er det eit par sider som har overskrifta "Getting started". Dei har ei enkel forklaring på korleis ein kan kome i gang. Eit lynkurs i det aller viktigaste i programmet. Det har eg lese. Og eg har greidd meg lenge med dei få sidene. Den vesle forteljinga som er tekst for denne søndagen inneheld eit lynkurs i kristendom. Kristentrua i all si fylde har vorte utforma i mange tjukke bøker, og dei aller fleste av oss skulle lese så mykje meir, men ei enkel rettleiing på eit par grunnleggjande område spring fram av forteljinga om dei to søstrene. Tre tema vert berørt:

  1. Gje til Jesus
  2. Som ung teologistudent vart eg ei jul invitert til å tale på ein juletrefest i ei bygd. Bygda låg isolert til, og eg måtte reise dagen før og overnatte. Familien eg skulle bu hos hadde dekka bord til meg i bestestova. Der skulle eg sitje åleine og ete på kvit duk. Heile familien, mann, kone og mange born åt på kjøkkenet. Ein gong iblant opna kona døra og såg etter at eg hadde drikke i koppen og mat på fatet. Det var godt meint. Kona hadde laga til åt meg det beste dei hadde. Dei ville gjere ære på meg. Men likevel vart det ei litt underleg oppleving. Martha var oppteken av å lage til åt Jesus. Ho ville gjerne gje til Jesus det beste ho hadde. Eg er sikker på at Jesus såg det prisverdige i dette. Og likevel vert det noko som haltar dersom Martha si handling vert førebilete for den kristne. Det er mange som tenkjer som Martha: Eg må ha noko å gje til Jesus. Er det ikkje nettopp dette som er det grunnleggjande og første i kristendommen at vi skal finne noko å gje til Jesus. Ei teneste. Ei forsaking. Eit offer. Nei. Nei. Dette er ikkje det grunnleggjande. Det er tvert imot eit blindspor dersom denne tanken vert einerådande.

  3. Ta imot av Jesus
  4. Eg har ei tante på over 90 år som bur åleine. Når eg ein gong imellom reiser til byen og kjem på besøk, så set ho seg ned i stolen og lurer på kva eg har fortelje. Eit besøk er eit lysglimt i ein elles einsam kvardag. Og avtalen er at ho aldri skal prøve å lage til noko mat når eg kjem, for eg har med meg matvarer som eg kan lage til åt oss begge. Ho har slege seg til ro med at ho berre skal få ta imot når eg kjem på besøk, og ho er glad for det, for kreftene minkar. Maria ante kanskje at når Jesus kom på besøk, så var det viktig å kunne ta imot det han hadde å gje. For Jesus hadde noko dei trengde. Han hadde ord som formidla ei ny kraft. På denne måten vert Maria si handling eit førebilete. Når Jesus møter eit menneske, så er det grunnleggjande og første at vi tek i mot det som Jesus vil gje oss. Alt ved dåpen er det slik. Men og seinare i livet. Eit møte med Jesus i bøn og bibelord er eit møte der vi stadig kan bli fylte av Jesus si velsigning. Dersom vi tek imot.

  5. Verte prega av Jesus
  6. I tidlegare tider vart det sagt om teologiske kandidatar som hadde fullført praktikum på MF at ein kunne høyre på tonefallet deira kven dei hadde hatt som hovudlærar på praktikum. Nokre snakka som Carl Fr. Wisløff, andre som Erling Utnem. Dersom dette er sant, så vil eg seie at det vitnar om ein god kontakt mellom lærar og student.

    Maria har valt den gode luten som ikkje skal takast frå henne, seier Jesus. Med det meiner han nok ikkje å seie at Maria sin passive rolle i huset er så positiv at den ikkje må forstyrrast. Han vil nok heller seie: Maria har valt å la seg prege av meg. Ho har ei lita stund prioritert å vere stille og lytte til orda mine. Og det vil prege henne på ein slik måte at ho gjennom heile livet vil få mitt tonefall. Ho vil tenke mine tankar. Ho vil gjere mine gjerningar. Og dette Jesus-preget det skal aldri takast frå henne."Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!" (Fil 2,5), skriv Paulus.

Dette huglaget får vi visst ikkje ved å prøve å finne ting å gje til Jesus, men vi får det ved å ta imot det Jesus har å gje når han møter oss i dåpen, nattverden, Ordet, bøna. Det kan vere mykje interessant å studere i teologien, men ein kjem i det daglege langt med det lynkurset som dagens tekst gjev oss.

Geir Sørebø