3. søndag i faste

Luk 11,14-28

ORDET OM JESUS SOM MOTGIFT MOT DET VONDE

For litt sidan såg eg på TV ei dame som fortalde om korleis ho hadde vorte gripen av spelegalskap. Ho spela bingo kvar kveld og sat i lokalet heilt til det stengde. På nokre år hadde ho spela vekk 700 000 kroner og sat med stor gjeld. Ho greidde ikkje å slutte med galskapen. Ho tenkte på pengespel dag og natt. No gjekk ho til behandling for å verte kvitt den store plaga.

Det er stor skilnad på Jesus si tid og den tid vi lever i i dag. Den gong Jesus gjekk omkring i Israel, var det vanleg å hevde at menneske kunne verte fylte av vonde ånder. Trass i alle skilnader er det ikkje vanskeleg å sjå at menneske også i dag verte gripne av vonde makter, anten vi no kallar dei for alkohol, narkotika, hat, pengebegjær, misunning eller spelegalskap. Kva hjelp gjev så Jesus oss i teksten for denne dagen. Han seier:

1. Lat Guds ord fylle huset

Inne i fjellet i Stølsheimen har eg ein gammal støl som eg har restaurert. Eg let hytta stå open og ulåst slik at alle som kjem forbi kan ta inn der, overnatte og verte buande så lenge dei har lyst. For min del tykkjer eg hytter i fjellet gjerne kunne stå opne til allmenn glede og nytte. Men når eg sjølv nyttar hytta, vil eg vere i fred. Då er det sjølvsagt at ingen andre kjem og trengjer seg inn og jagar meg ut.

Heimen vår skulle vere fylt med Guds ord. Då har den gode kraft og ånd okkupert huset. Då er det ikkje rom for den vonde kraft og den vonde ånd. Det er mange kristne som har hatt den vanen at dei om morgonen før alle gjeremål tek til, set av ei stund for å be og lese i Bibelen. På denne måten vert sinnet vårt okkupert av Jesus. Eg har ikkje høyrt noko anna enn at folk har opplevd dette som ein stor ressurs i kvardagen. Jesus seier i teksten for denne søndagen: "Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det" (v.28)

2. Jesus kan drive ut den vonde kraft

For eit par år sidan fekk eg eit brev frå ein kvinneleg misjonær i Afrika. Ho fortalde at mannen som også var misjonær, hadde måtta gå og ta opp ei alvorleg sak med ein annan mann. Misjonæren hadde bede om Jesu hjelp til å gjere dette, men i heile samtalen hadde han hatt ei sterk kjensle at ei vond makt stod han i mot. Like etterpå fekk han vite at den han hadde samtala med hadde hatt ein kniv i lomma og berre venta på eit høve til å stikke han ned. Misjonæren hadde ikkje vorte skada, og han opplevde at Jesus hadde bunde den vonde makta og halde si hand over han.

Det er jo dette teksten for søndagen handlar om. Jesus er djevelen og dei vonde åndsmaktene overlegen. Så sant Jesus er levande mellom oss i dag, så må dette få konsekvensar for vår kyrkjelyd og vår kyrkje. "Er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, så er Guds rike kome til dykk", sa Jesus (v.20).

3. Det er eit anten - eller

Stølen som eg har oppe i fjellheimen står tom sikkert 340 av året sine dagar. På denne måten er han eigentleg eit misvisande bilete på vårt sinn og sjelsliv. Det vert ikkje ståande tomt. Det vert ustanseleg invadert med inntrykk frå medmenneske, samfunn og media. Jesus seier også med sine bilete at dersom Gud ikkje får fylle sinnet vårt med sin Ande så er det ikkje lenge før mange slags andre ånder har teke bustad der. Jesus sine ord legg eit alvor inn over oss. Vi skal vite at åndeleg sett er det eit anten - eller. Det er ei god kraft og ei vond kraft. Det er ljos eller mørke. Det er Gud eller djevel. "Den som ikkje er med meg, er i mot meg" (v.23). Det er mange menneske som slit med sjukdom, plager, angst, skuldkjensle og mykje som er tungt. Som kjenner seg fanga av dei vonde kreftene. Til desse er det overlag viktig å understreke det som Jesus seier i dag: At han er den sterkaste. Det vil seier at den som trur på Jesus, bed til han og opnar opp for han, hos han vil Jesus kome inn og ta bustad. Og då er det Jesus som har makta. Då er det Jesus som har livet ditt i si omsorg. Då har du funne den effektive motgifta mot det vonde.

Geir Sørebø