IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

3. søndag i Faste

Luk 11:14-28

I PREIKA

Jesus har makt over alt! Også over det me ikkje skjønar oss så godt på. Denne teksten er ikkje lett inn i ein vanleg norsk samanheng. Me snakkar ofte om vondskapen, men sjeldan om vonde ånder. Kan me snakke om denne teksten slik at barn forstår? Kva er det me vil dei skal forstå? Kva kan teksten seie oss i dag, inn i vår samanheng?

Dette er neppe teksten for dei heilt små barna, men for dei større kan han vere med og gjere bilde av Jesus tydlegare. Også 3. søndag i Faste handlar det om Jesus, dei vonde andene skal ikkje vippe fokus. Litt forklaring må til, ord som Beelsebul, vond/urein ånd, Guds rike er mellom dei som bør forklarast.

Sett så kyrkjelyden i sving, del inn i grupper (benkevis f.eks.) og gje gruppene oppgåve om å skrive ned stikkord ut frå spørsmåla: "Kva fortel denne teksten om Jesus?" og "Korleis kan Jesus gjere under i dag?" Lat gruppene jobbe i ca 10-12 minuttar. Samle inn arka (bruk helst store) bruk resten av preika til å gå gjennom.

" Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndane, ja, då er Guds rike kome til dykk."

 

EI SALME

Norske Salmebok nr. 113: Du er Guds Sønn den sterke

LITURGI

Forsakinga: Kva betyr dette leddet i gudstenesta, og kva tyder ordet? Kanskje kan nokre tenåringar førebu nokre illustrasjonar til hjelp for forståinga?

Guds signing!

Anne Berit Sunde J