2. sundag etter pinse

Luk 12,13-21

JORDISK VELSTAND ER IKKJE HIMMELSK RIKDOM

Prestar får av og til høyre at dei ikkje treng drive lønsforhandlingar, for dei skal få rikeleg med løn i himmelen. Det er faktisk ei viss sanning i denne (spøkefulle?) utsegna, men sanninga gjeld då ikkje berre for prestar. For det er dette som verkeleg gjeld for alle - å verte rik i Gud. Og Jesus vil gjennom likninga han fortel om den rike bonden, seie klårt frå: Ein vert ikkje rik i Gud ved å samle seg skattar på jorda. Likevel er det nok slik at arbeidet med jordiske finansar kan hjelpe oss til å forstå kva det vil seie å vere rik i Gud. For:

1. Å vere rik i Gud, er å vite at ein er gjeldfri

Eg hugsar den dagen eg vart gjeldfri. Huslånet var innfridd. Siste avdrag av studiegjelda var betalt. Ei bør fall av mine skuldrar. Hurra!

Eg veit om menneske som har streva med gjeld i heile sitt vaksne liv. Pga kombinasjon av renter og lita betalingsevne har lånet gjennom året heller vakse enn å minke. Og det er tungt å leve med at ein har ei gjeld som ein ikkje kan verte kvitt.

I eit glimt frå dei tidlege åra av barndommen min ser eg ein mann stå i kyrkja med ein krans i hendene. Ved sida av ei kiste. "Eg skulle vore annleis mot han", sa han. No er det for seint. "Eg skulle ha levd livet mitt om att", var det ein annan mann som sa på sine eldre dagar, "for det er så mykje eg angrar på". Det er mange slags gjeld. Den som skal verte rik i Gud, må vite at kan verte gjeldfri. "Syndene dine er tilgjevne", sa Jesus fleire gonger. Slik vert ein gjeldfri i Guds rike. Dette er ein dimensjon som mangla hos den rike bonden.

2. Å vere rik i Gud, er å vite at ein har ein kapital å bruke

Den rike bonden hadde ein kapital å bruke. Men det var ein jordisk kapital, som demonstrerte jordisk rikdom. Han kunne skaffe seg løer med mange rom, men likevel ikkje eitt einaste rom i himmelen. Eg såg eit intervju med ein kjent person på TV. "Kva har det å seie for deg at du er rik?", ville journalisten vite. "Jo, det gjev meg stor grad av fridom til å kjøpe det eg vil", svara mannen. Og det er jo ikkje vanskeleg å skjøne det når vi veit at han har mange hundre millionar å bruke. Og likevel var dette berre jordisk kapital.

Paulus talar annleis. Han talar om å "vera rike på von ved Den Heilage Andens kraft" (Rom 15,13), han talar om "ein rikdom av Kristi velsigning" (Rom 15,29), han talar om "Kristi ufattelege rikdom" (Ef 3,8). Her er den kapitalen som gjev rikdom i Gud.

Eg høyrde om eit menneske som hadde vore alvorleg sjukt, men fått att helsa etter at det hadde vorte bede for ein vanleg norsk kyrkjelyd. Eg møtte ein mann som sa: "Mor mi er alvorleg sjuk, men det er mest så at ho gleder seg til å døy, for ho lengtar etter å møte att far min som døydde i trua på Jesus for nokre år sidan". Små glimt som viser til menneske som er rike i Gud, fordi dei veit dei har ein kapital dei kan bruke.

3. Å vere rik i Gud, er å vite at ein har ein stor arv i vente

Teksten for denne søndagen tek sitt utgangspukt i ein mann som venta på ein arv. Det er ein del menneske som sit og ser fram til eit arveoppgjer. Det er ikkje så få som i dag vert rike på den måten. Men berre jordisk rike, og dette er ein rikdom som diverre ofte fører til mykje krangel og strid. Så kjem Jesus også med ei åtvaring framfor det ventande arveoppgjeret.

Peter skriv at dei som er fødde på ny har fått von om "ein uforgjengeleg og uflekka og uvisneleg arv som er gøymd i himmelen" (1 Pet 1,4). Denne arven skal alle truande kunne sjå fram til. Å ha denne arven i vente er å vere rik i Gud.

Den rike bonden trudde han hadde forsikra seg godt. Men forsikringa hans var ingen livsforsikring. Ei verkeleg livsforsikring har berre den som er rik i Gud. Den som er rik i Gud kan faktisk leve med noko mindre løn på denne jorda. Fordi han veit at godene på jorda er tiltenkt alle, og den himmelske løna ventar på alle som har fått arverett gjennom Jesus Kristus.

Geir Sørebø