IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag etter Pinse

Luk 12:13-21

I PREIKA

Denne søndagen kan det vere fint å ha dette temaet for preika: Om å vere rik i Gud!

For kva er det å vere rik i Gud, er det å ha all verdas ting og tang?? I historia som Jesus fortel får me høyre om ein mann som vel å samle seg skattar på jorda for han var det viktig å samle saman alt han åtte, så han bygde seg nye rom for å få plass til alt. Då jobben var gjort ville han slappe av og nyte livet, nå hadde han alt han trong.

Men han hadde gløymt Gud i alt sitt jag på rikdom. Jesus seier ein annan stad at det ikkje er umogleg for dei rike å kome inn i Guds rike, men vanskeleg er det: som å få ein kamel gjennom nålauga!

Er det slik at rikdom i form av pengar og ting som er det viktigaste for oss? Eller er andre ting viktigare, som forholdet til Gud og til menneska rundt oss?? Eg trur at me har mykje å lære av dei som lever utan så mange goder i andre land. Som likevel kan takke Gud for livet. Eller rettare sagt: som difor kan takke Gud for livet. Gud er den dei kan stole på. Rikdom har dei ikkje til å hjelpe seg.

Mange barn seier at dei skal få ein flott jobb når dei blir store, og tene mange pengar. Er det slike skattar vi vil at barna skal sette sin lit til? Eller har me andre skattar å syne dei??

"Himmelriket er lik ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren." Matt 13:44.

EI SALME

Barnesalmeboka nr. 150: Fortell dem om mitt rike

LITURGI

Takkoffer: Ein delestad. Der kan vår rikdom kan komme andre til nytte. Syng gjerne ei salme, for eksempel nr. 872 Eg vil ofra med jubel i Herrens hus. Kanskje kan nokon seie litt om kvifor me gjev pengar i gudstensta?

GUDS SIGNING!

Anne Berit Sunde J