2. søndag i advent

Luk 12,35-40

"ALLTID BEREDT"

Ein speidar har lært at det er viktig å vere vaken og klar til oppdrag i rette augneblink . Men dette skulle også ein kristen ha lært. For like så ofte som speidarhandboka talar om å vere "beredt", talar Bibelen om at ein kristen skal vere vaken og førebudd. Dette er ein raud tråd i teksten frå Lukasevangeliet på 2. søndag i advent. Denne teksten byrjar med tre oppfordringar uttala av Jesus. Lat oss sjå på kvar einskild av dei:

1. Spenn beltet om livet

Til den kvite albaen som dei fleste prestane brukar som liturgisk drakt i dag høyrer det eit belte, eit kvitt tau. Sjølv nyttar eg alltid dette beltet når eg gjer teneste i kyrkja og på gravplassen, for det held drakta med stolaen på plass slik at eg kan bevege meg på ein god måte. Det siste eg gjer i sakristiet før eg går inn i kyrkja, er at eg spenner beltet om livet. Det er også ei handling som gjev meining ut frå denne søndagen sin tekst. I Jesus si samtid var dei gjerne kledde i ein kjortel som måtte strammast opp med eit belte før dei kunne ta fatt på ei oppgåve som kravde litt fysisk aktivitet. Spenn beltet om livet betyr nettopp dette: Gjer deg klar til innsats. Førebu deg til arbeidet.

2. Lat lampene brenna

I mine gutedagar hadde vi ikkje elektrisitet heime. Om kveldane sat vi på kjøkkenet heile familien. Vi fyrde i omnen, og hadde ei oljelampe over kjøkenbordet. Det var ein sjølvsagt ting at når vi gjekk til sengs, så sløkte vi lampa. Det var berre ein grunn til at lampa ikkje vart sløkt, og det var at ein i familien var ute i mørkna og enno ikkje komen inn att. Då var det ein føremon om det var lys i eitt rom.

Lat lampene brenna. Det er ei oppfordring som seier at de skal vite at det er ein som enno ikkje er komen, som de skal vente på og gjere i stand til.

3. Stå ferdig for å opne døra

I prestegarden er det slik at det er ikkje alltid vi høyrer når dørklokka ringjer. Kanskje står radioen høgt på eller kanskje er vi på badet. Det har vel hendt at folk har gått igjen fordi ingen reagerte innafor. Men dersom vi ventar biskopen, så passar vi på, slik at vi kan reagere med ein gong han kjem på døra..

Stå ferdige for å late opp døra, var Jesus si tredje oppfordring. Oppfordringa seier oss at det kan skje noko raskt og uventa som vi ikkje må late gå forbi oss. Kva inntrykk sit vi att med når vi no har høyrt Jesus sine tre oppfordringar: - Spenn beltet om livet. - Lat lampene brenna. - Stå ferdige for å opne døra. Ja, eg skulle tru at vi sit att med det inntrykket at det kan vere like før at ein særs viktig person kjem til oss.

Diktarpresten Kaj Munch fortel i ei av adventspreikene sine om ei oppleving han hadde ein gong ute i hagen sin under krigen. Det var ein fin sommarmorgon, og han gjekk og vandra mellom blomsterbeda. Då høyrde han brått ein underleg lyd oppe frå lufta. Noko slikt hadde han aldri høyrt før. Så slo tanken han. Tenk om det lyden frå Jesus. Jesus som kjem att for å møte sine. Og så kjende han at han vart glad inne i seg. De viste seg snart at lyden hadde ei heilt naturleg forklaring. Det var ei redningsskøyte som låg ute ved kysten ikkje langt unna prestegarden, som hadde skote opp ein rakett. "Men" skriv Munch, "det som var det viktige med den hendinga var at eg kjende med meg sjølv at eg vart glad då tanken slo meg at det kunne vere Jesus". Munch hadde oppdaga med seg sjølv at han var ein slik som - hadde spent belte om livet - hadde lampa brennande - stod ved døra for å opne opp.

Det finst grupperingar som samlast i Jerusalem ved dette tusenårsskiftet. For dei trur at Jesus kjem att no og viser seg først der. Dette uroar ikkje den kristne som held seg til Jesu ord. For han seier som gamle speidarar: "Alltid beredt". Eller som Johannes som avsluttar vår Bibel slik: "Kom, Herre Jesus!" (Op 22,20).

Geir Sørebø