IDEAR FOR BORN I GUDSTENESTA

2. søndag i Advent

Luk 12:35-40

I PREIKA

Advent handlar om KOMME!

1. Særleg fokusert er me på å førebu oss på at han KOM som eit lite barn, og vart lagt i ei krubbe i ein stall ein stad i Betlehem. Kanskje følgjer me han i tankane fram til han som vaksne mann sto fram og ropte Guds rike er nær. når me kjenner til bodskapen hans, og korleis han møtte menneske kor villig han var til å spreie tilgjeving og oppreising til dei som ba om det, som trengte det. Han kom til oss, for å frelse.

2. Sjølv i dag, to tusen år etter at han vart fødd, er Jesus nær oss. Han KJEM til alle som ropar på han. Ikkje synleg som han gjorde i Betlehem, men likevel merkbar. Han vill vere vår Herre og frelsar i kvardag og helg, og er alltid klar til å høyre på oss!

3. Så ventar me på, sjølv om me ikkje veit når det skal skje, at han skal KOMME igjen. Som konganes konge, som herranes herre. Da skal me få vere med han heim til Gud! Da skal me for alltid vere der han er, og sjå han når me snakkar med han.

Det er dette siste kome teksten på 2. søndag etter pinse står, teksten (som ofte vart lese i gravferd) minner oss innstendig om å vere klare til å bli med han når han kjem. Det er ikkje det same som at me skal bruke livet vårt til å sitte på baken og vente på at han skal dukke opp, men at me i livet, kvardag og fest, kjem i hug at han skal kome att.

EI SALME

Norsk Salmebok nr. 12: Rydd veg for Herrens komme

LITURGI

Truvedkjenninga: Kva står det om Jesus?? Kanskje ei barnegruppe / skuleklasse kunne illustrert?

Guds signing!

Anne Berit Sunde J