10. søndag etter pinse

Luk 12,42-48

GJE FRÅ DEG JORDA I DEN STAND DU FEKK HENNE

Hushaldar er eit ord som kan verke framant i dagens samfunn. Det næraste eg sjølv har opplevd, er å vere jordbruksavløysar. Det var ein sommar for ein del år sidan. Ein bonde som eg kjenner med ein stor gard hadde litt vanskeleg for å kome seg avgarde på ferie, og eg tilbaud meg å overta ansvaret for gard og buskap dei vekene han var borte. Han hadde 15 kyr som skulle mjølkast morgon og kveld og ein del griser som skulle ha mat. Kva forventningar hadde så bonden til meg? Dei kan samlast i tre punkt:

1. Eg gjorde det som eg hadde fått beskjed om.

2. Eg viste omsorg for dyra og stelte godt med dei.

3. Eg var ajour med arbeidet den dagen han kom heim.

Det er nett dei same forventningane som Herren har til hushaldaren i Jesus si likning.

Herren forventar at hans vilje vert utført. "Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, skal få mange slag".

Herren forventar at hans omsorg vert vidareført. Difor vil den kloke hushaldaren vite når husbonden ville ha måltid i huset, og så vil han vidareføre denne ordninga - "så han kan gje dei mat i rett tid".

Herren forventar at hans komme alltid er venta. Difor skal det ikkje vere noko etterslep i arbeidet. Alt skal til ei kvar tid vere slik Herren ville hatt det. Den trugne hushaldaren er "den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende".

Det er lett å sjå parallellen mellom teksten og det å vere jordbruksavløysar nokre ferieveker. Men Jesus sikta nok til eit større gardsbruk enn det vi finn i Sogn og til ein lengre periode enn fellesferien.

På den sjette skapingsdagen seier Gud til mennesket han har skapt:

"De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggje henne under dykk. De skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen og alle dyr som det kryr av på jorda!" (1 Mos 1,28ff).

Når vi no ved tusenårsskiftet gjer opp status, kan vi då seie at vi har 1) utført arbeidet i samsvar med Herrens vilje, 2) vist god omsorg for skaparverket, 3) vore klar til å avleggje sluttrekneskap til ei kvar tid.

For ei tid sidan besøkte eg ei hytte i fjellet der det stod eit oppslag: "Forlat hytta i den stand du fann henne". Då eg var jordbruksavløysar møtte eg mange uventa vanskar (som td. då ein gris sette seg fast mellom sprinklene i bingen), men eg gjorde mitt ytterste for at garden og buskapen skulle forbli i den stand han var då bonden reiste. Kan vi seie dette om vår klode? Eller har vi halde eit hemningslaust gilde, slik Jesus antydar i si likning?

Geir Sørebø