Bots-og bededag

Luk 13,23-30

KYRKJA SI DØR OG HIMMELEN SI DØR

Kva kan vi seie om kyrkja si dør? Jau, Den norske kyrkja si dør er open og vid. Og det er mange av oss glade for. Vi er glade for at det er mange som går inn kyrkjedøra, at kyrkjedører står opne kvar søndag, og at det er lett og uforpliktande å kome inn. Frå kyrkja si dør skal vi vende blikket til himmelens dør. Teksten i dag snakkar om himmelens dør. Jesus seier at himmelens dør er trong. Ho er trong på 3 måtar:

1. Himmelens dør er trong fordi berre ein om gangen kan passere.

Du kjem ikkje til himmelen arm i arm med ektemaken. Du kan ikkje overta billetten til naboen. Du kan ikkje gjere deg nytte av den trua som bestemor di hadde. Himmelens dør har berre plass til ein i breidda. Du skal gå åleine gjennom. Di tru er avgjerande. Det kom ein til Jesus og spurde: "Herre er det få som vert frelste?" Jesus svara ikkje direkte på spørsmålet. I staden gav han ei utfordring til dei som spurde. "Strid alt de kan for å kome inn gjennom den tronge døra". Jesus synest ikkje vere interessert i himmelsk statistikk. Jesus er oppteken av å gje ei utfordring til den enkelte. Du må sjølv arbeide med di tru og ditt gudsliv. Ingen andre kan tru for deg. Di tru skal bere deg. Du skal passere himmelens dør single. Himmelens dør har ikkje plass for to i breidden.

2. Himmelens dør er trong fordi den første skal verte den siste.

Eg hugsar ein liten scene frå Askim der vi budde nokre år. Ein stor fotoforretning flytta inn i nye lokale. Gjennom ei annonse i lokalavisa lova dei at dei to første kundane som kom inn i butikken etter opninga, skulle få kjøpe eit fotografiapparat til ein verdi av 4000 kr. for ei krone, og dei tjue neste store rabattar. To ungdommar låg i soveposar framfor døra i tre døgn. Dei var sikre på å få det gode tilbodet. For dei var først.

Slik er det ikkje framfor himmelens dør. Mange har tenkt det. At det var om å gjere å sitje på fremste benk. At det var om å gjere å ha den største Bibelen. At det var om å gjere å gje den største gåva. At det var om å gjere å vere det beste mennesket. Så kunne ein vere sikker. Sikker på å vere først. Sikker på å kunne marsjere inn gjennom himmelens dør. Jesus seier i dagens tekst at mange skal verte skuffa. Himmelens dør står ikkje på vidt gap for den første. Himmelens dør er trong. Den første skal verte den siste.

3. Himmelens dør er trong fordi det er ikkje råd å få med seg bagasje.

Når kona mi, barna og eg er på ferie og vil vitje slekt og vener, har vi ofte med oss ein masse. Soveposar. Dyner. Pølser. Poteter. Eple. Sjokolade. Vi kan ikkje komme tomhendte og leggje oss inn på folk i fleire dagar. Venene si dør er vid. Spesielt dersom du har med deg litt som dei set pris på. Har du med deg nok, står alle dører opne. Kan du betale nok, er alle hotell til din disposisjon med all deira herlegdom.

Ved himmelens dør er det annleis. Der må alt stå att. Det var så mykje vi ville hatt med oss. Det er så mangt vi har gjort i livet, vi gjerne ville ha hatt ein liten premie for. Har vi ikkje slite og arbeidd for gode saker? Har vi ikkje ofra oss sjølve så langt vi kunne? Ja, slik skal dei mange seie til Jesus eller som det står i dagens tekst: "Vi har ete og drukke i lag med deg, og du lærte på gatene våre". Vi hadde kristen føremålsparagraf i skulen og vi gjekk på juletrefest for di skuld, Jesus. Å kunne vi ikkje fått med oss ein aldri så liten attest gjennom himmelens dør? Berre ein liten setning: "Han gjorde sitt beste". Men himmelens dør er trong. Ingen bagasje. Ingen papir slepp gjennom. Du må gå med tomme hender.

Det er gledeleg at kyrkja si dør er vid og open. At folket i landet lett kan kome inn når dei vil. Så høyrer vi i teksten i dag at himmelen si dør er trong. Kva er så samanhengen her? Mellom den vide døra og den tronge døra. Samanhengen er Jesus. Han som seier: "Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile". Merka du det at Jesus sa "Alle". Alle er velkomne til han. Aldri må vi verte leie av å understreke dette. Kyrkja si dør skal vere open for alle fordi Jesus inviterer alle. Men ein annan gong sa Jesus: "Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." Merka du at Jesus sa "Ingen". Ingen kjem gjennom himmelens dør utan via Jesus. Aldri må vi verte leie av å understreke dette. At døra er trong. Så trong at ingen kjem gjennom utan gjennom tru på Jesus Kristus.

Geir Sørebø