Nyårsaftan

Luk 13,6-9

VAREOPPTELJING

Eg ringde til ein postordreforretning no ein dag etter jul. Eg trefte berre ei sentralborddame. Butikken hadde stengt mellom jul og nyttår. Dei hadde vareoppteljing. Det kan vel hende at eit rekneskap og ei vareoppteljing ved nyårsskiftet fører til den konklusjon at verksemda bør nedleggjast. I bibelteksten høyrer vi denne nyårsaftan også om ei vareoppteljing. Resultatet vert at eigaren finn at han vil avvikle fikenproduksjonen. Men eigaren er ikkje den einaste som er i fokus i denne teksten. Teksten har tre roller: Eigaren, gartnaren og fikentreet. Bodskapen kjem fram i samspelet mellom desse tre. Teksten talar om:

1. Eigaren sitt krav til forteneste

I min kommune fekk ei gammal bedrift dødsdommen like før jul. 72 arbeidarar vil miste jobben. Bedrifta er eigd av Hydro. Bedrifta har gått på underskot i fleire år. I og for seg kunne vel Hydro hatt ryggrad til å halde denne verksemda i gang. Men det var til sjuande og sist ingen vilje til det. Bedrifta må prioritere forteneste, lønnsemd, vekst og utvikling. Kanskje kunne verksemda gått betre i komande år, men for Hydro var det mange nok år med underskot. Tankegangen til eigaren i bibelteksten langt på veg den same. Eit tre som ikkje ber frukt, men som berre forbruker næring i hagen, løner det seg ikkje å ha. Det er ei dårleg investering og bør difor fjernast. Spørsmålet som spring fram av teksten etter dette vert då: Har Guds investering i meg gjeve avkastning det siste året? Har eg bore frukt? Paulus bruker mykje plass på å forklare kva dette vil seie. Td. Gal 5,22: Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap. Eller tenkjer Gud når han ser meg: Dette har vore ei dårleg investering?

2. Gartnaren sitt arbeid for forandring

I prestegardshagen vår var det eit plommetre som velta over ende for nokre år sidan. Kona mi bad meg sage det opp. Det ville ikkje vere til nytte meir. I staden saga eg av ein del greiner, tynna eg ut, retta treet opp att og sette ei støtte under det. Nye greiner voks fram, og i år var det minst ei bøtte med plommer på det.

Utgangspunktet synest ikkje å vere så godt for gartnaren. Fikentreet har ikkje bore frukt dei siste tre åra. Likevel har han tru på forandring. Ja, meir enn det. Gartnaren vil sjølv gjere det arbeidet som skalt til for å setje treet i stand til å bere frukt. Dette er jo ein flott tanke på terskelen til eit nytt år. Jesus vil sjølv gjere det arbeidet som er naudsynt for at mitt kristenliv skal bere frukt. Det var ein bedriftsleiar som TV ville intervjue etter eit dårleg år for bedrifta. Han svara: "Eg seier ingen ting. Snakk med advokaten min". Dette skulle også vere den kristne sitt svar når han møter Guds klagemål om for lite av Andens frukter.

3. Treet si nye framtid

Når eit tre ikkje ber frukt år etter år, så er det nok fordi treet er sjukt eller fordi treet har fått dårlege vilkår. Treet har sjølv truleg ikkje krefter til å endre på dette. Eg la merke til for nokre dagar sidan at antirøykeekspertar råda folk frå å stumpe røyken på nyårsaftan. Slike spontane lovnader til seg sjølv ville nesten alltid verte ein fiasko. Til forandring krevst det eit støtteapparat. Ingen kristen kan tvinge fram Andens frukter hjå seg sjølv. Det er naudsynt med eit støtteapparat. Dette støtteapparatet er til stades. Lat oss i eit nytt år leve nær Herren Jesus Kristus slik at han får arbeide rundt oss og med oss. Her ligg vår nye framtid forankra. Når ein gong den siste vareoppteljing kjem, vil det vise seg at gartnaren sitt arbeid har gjeve resultat. Eigaren har stolt på gartnaren som han sjølv hadde tilsett, og eigaren finn den frukt som han har leita etter. Den frukt vi sjølve ikkje visste at vi kunne bere.

Godt nytt år. Eit år nær den Jesus som utrøytteleg arbeider for oss og med oss.

Geir Sørebø